Skatteetaten sender i desse dagar ut krav om årsavgift for 3,8 millionar køyretøy. Fristen for å betale er 20. mars.
Foto: Bård Brinchmann Løvvig (Skatteetaten)
Skatteetaten sender i desse dagar ut krav om årsavgift for 3,8 millionar køyretøy. Fristen for å betale er 20. mars.

Årsavgift for 710 000 køyretøy

Skatteetaten sender i desse dagar ut krav om årsavgift for 710 478 køyretøy i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Frist for å betale er 20. mars.

I år vert det sendt ut krav for 70 000 fleire køyretøy på landsbasis enn i fjor. Avgifta utgjer om lag 9 milliardar kroner i inntekter til statskassen.
– For at du ikkje skal betale meir enn nødvendig er det viktig å betale kravet for 2017 innan forfallsdato 20. mars, seier pressesjef i Skatteetaten Merete Bergeland Jebsen.
Køyretøyeigarar som ikkje betaler årsavgift innan forfallsdato må betale tilleggsavgift.
Årsavgift for 2017 blir betalt som i fjor til Skatteetaten. I 2018 blir årsavgifta erstatta av ei trafikkforsikringsavgift som skal krevjast inn av forsikringsselskapa.

Bileigar er ansvarleg for betaling
Den som stod som eigar av registrert køyretøy hos Statens vegvesen 1. januar 2017, er ansvarleg for å betale årsavgifta. Sel du køyretøyet ditt før 20. mars, er du likevel ansvarleg for at årsavgifta for 2017 blir betalt. Hugs å melde eigarskifte til Statens vegvesen. Det er datoen melding om eigarskifte vert registrert hos Statens vegvesen som blir rekna som dato for eigarskifte.

Endringar frå 2018
Frå 1. januar 2018 blir årsavgifta erstatta av ei trafikkforsikringsavgift som skal innkrevjast av forsikringsselskapa. Den nye avgifta vil følgje forsikringsavtalen på køyretøyet. Sidan ein forsikringsavtale gjeld for eitt år av gangen, vil enkelte allereie i år få faktura med trafikkforsikringsavgift for 2018.

Fakta

Satsar 2017
Årsavgift
Bil under 7500 kg
2 820 kroner
Bil under 7500 kg, diesel uten fabrikkmontert partikkelfilter
3 290 kroner
Motorsykkel
1 960 kroner
Elbil, veteranbil, moped, traktor, taxi (med hovudløyve) med fleire
455 kroner