– Det var heilt topp og som vanleg er det veldig kjekt å møte ungar, sa Jonas Gahr Støre etter besøket i 6. klasse på Grinde skule.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
– Det var heilt topp og som vanleg er det veldig kjekt å møte ungar, sa Jonas Gahr Støre etter besøket i 6. klasse på Grinde skule.

Tett på 6. klasse

Jonas Gahr Støre besøkte i går 6. klasse ved Grinde skule. Det blei eit tett på møte med høg kvalitet.

Gahr Støre som besøkte fleire kommunar på Haugalandet hadde bedt om skulebesøk i Tysvær. Og elevane i Grinde imponerte han.
– Dei kom med svært relevante og gode spørsmål om både skule og nasjonal politikk. Slike møte som dette betyr mykje for meg, og det er kjekt å sjå engasjementet, sa AP-leiaren.
Og det var skikkeleg spenn i spørsmåla. Tema som skulekantine, I-padar, pengar og kva ein politikar tener stod på lista over det Gahr Støre måtte svare på.
– Når det gjeld spørsmål om skulekantine og skulemat så er eg veldig for det. Eg trur det er viktige element i skulekvardagen som gjer at elevane kan fungere på topp. Eg er også svært interessert i koding og bruk av tekniske hjelpemiddel. Difor er det kjekt å høyre at elevar på Grinde skule er brukarar av dette. Tekniske hjelpemiddel må vere noko ein brukar for å oppnå mål, og ikkje berre sit og trykkar på, sa Gahr Støre.

Les heile saka i papiutgåva