The Commission on the Status of Women (CSW) er eit global mellomstatleg organ, som jobbar for å fremja likestilling og styrking av kvinners rettar.
CSW går føre seg i FN sitt hovudkvarter i New York frå 13-24. mars. Anna Trageton Skofteland, som for tida bur i Oslo, skal pakke snippveska og sette kursen mot The big apple for å representere KFUK-KFUM Global.
Skofteland sit i politisk utval i KFUK-KFUM Global. Her er tema mellom anna demokratiske rettar, økonomisk rettferd, klima og fred.
– Eg har vore i New York og FN bygget før, men denne gongen er det for å gjere ein jobb, og forhåpentlegvis påverke. Det er ikkje lett å vite i Norge kva som er utfordringane i andre land. På ein slik konferanse kan ein få vite meir om spesielt unge jenter sine problem i andre land, og kva ein kan gjere for å betre dette, seier Skofteland.
Tema for årets CSW er kvinner si økonomiske deltaking i det skiftande arbeidslivet, utfordringar og prestasjonar i gjennomføringa av tusenårsmåla for kvinner og jenter, samt styrking av urfolkskvinner.
Deltar på FN sin kvinnekonferanse
Anna Trageton Skofteland frå Førre er ei av dei som skal løfte stemma til ungdom og kvinner under The Commission on the Status of Women i regi av FN i New York.