Randi Rettedal (FRP) stemte for å behalde fastlegeheimelen på Nedstrand og etablere utekontor. Men ho påpeika at ein burde ta til seg råd frå dei som har ei lang fartstid i faget. 
Arkivfoto: Mona Terjesen
Randi Rettedal (FRP)

Det blir fastlege på Nedstrand

Den mykje omtalte legeheimelsaka på Nedstrand låg på kommunestyret sitt bord tysdag kveld. Politikarane stemte samrøystes for å behalde fastlegen på Nedstrand og dekke resten av kapasiteten gjennom eit «utekontor».

Fastlegeheimelen får altså bli ved Nedstrand legekontor. Her skal pasientar i bygda få hjelp, og det som manglar på ei full vekes verksemd, skal i følge vedtaket – nyttast ved eit «utekontor» i kontorfellesskap med andre legar i kommunen.
Kommunen skal sjølv dekke utgiftene som kjem ved utekontoret.

Les meir i papiravisa