Klart kvinner kan

I går var det kvinnedagen og markeringar over heile verda. På ein måte ei flott markering, men på den andre sida berre trist.

At me i 2017 må ha ein kampdag for å markere kvinner sine rettigheiter og krav om plass i samfunnet er berre trist, og viser at me utviklar oss sakte på ein del felt.
Eg trudde me hadde tatt steg dei siste åra, men etter å ha lese meg gjennom kvinnedagen på nett og papir så ser eg at det er langt igjen. Parolane er gamle og krava ikkje eit land som Noreg og mange andre verdig.
Det er for ein del av oss ikkje lett å forstå. Men eg ser at eg har vore heldig som gjennom livet stort sett har jobba i kvinnedominerte yrke, kor menn og kvinner har hatt den same jobben, den same lønna og dei same mulegheitene til å vidareutvikle seg og få leiarstillingar.
Eg har heller aldri hatt problem med kvinnelege statsleiarar eller at internasjonale verksemder har ei kvinne som direktør. Men eg ser og les at det er slett ikkje så vanleg som ein skulle tru. Det same gjeld saker kor kvinnesynet er så gamaldags at eg trudde det avslørte seg sjølv. Det handlar om rettar til å vere kvinne, mor og i arbeid. Hallo, kva er det me held på med i 2017.
Nå handlar ikkje 8. mars berre om jobb, sjølv om det var ein vekkjar når ein polsk EU-parlamentarikar fekk seg til å seie at sjølvsagt skal kvinner ha mindre betalt enn menn.
Nei det handlar også om etikk og moral. Om voldtekt, menneskehandel og overgrep, alt dekka over eit manglande syn på verdigheit og kvinners rett. Det handlar og om kva dei som styrer melder. I USA fekk me ei kraftig oppbløming av kvinnerørsler innan alle sosiale lag og grupperingar. Dei tok til gatene i protest mot president Donald Trumph sitt kvinnesyn på ein måte USA ikkje har sett på mange år.
Ein rapport frå Nasjonalt Kunnskapssenter om vold og traumatisk stress viser at ei av ti kvinner i Noreg er blitt voldtatt, og ein rapport frå Kripos viser at det er sju gonger større sjanse for jenter å bli voldtatt, enn for gutar i russetida. Tilfeldig? Neppe. Verd ein kamp? Ja.
Skal me kunne avskaffe kvinnedagen må jobben gjerast heime. I stabile Noreg burde det vere ein kamp som kunne vinnast. Eg er redd at verdssamfunnet, spesielt i u-land har ein mykje lengre veg å gå. Me likar å kalle oss best i verda i vårt land, men i det å likestille menn og kvinner er det ingen som er best før det er likt.
Lik det eller ikkje, men eg synest det berre er trist at denne kampen framleis må kjempast.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør