Der andre ville lagt seg ned og gitt opp, tar Vibeke Sørensen denne vekas hjerneoperasjon med seg i framsyninga om seg sjølv og Mr. Parkinson. Mange har følgt Sørensen den siste veka, og her er saka vår frå papirutgåve sist torsdag.

Ein hjerneoperasjon sist veke gir påfyll til historia om det vanskelege forholdet til Mr. Parkinson for Vibeke Sørensen. Dette markerast i Festiviteten, og med som sine støttekontaktar er Tom Mathisen og Bjørn Halstensen. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Frå hjerneoperasjon til scena

Der andre ville lagt seg ned og gitt opp, tar Vibeke Sørensen denne vekas hjerneoperasjon med seg i framsyninga om seg sjølv og Mr. Parkinson. Mange har følgt Sørensen den siste veka, og her er saka vår frå papirutgåve sist torsdag.

av Alf-Einar Kvalavåg

Du kan umuleg ha unngått å høyre om dette svært så spesielle samlivet. Utselte framsyningar over heile landet, og stadig nye idear som dukkar opp. Og nå, tru det eller ei. Ein ny runde med framsyningar på Festiviteten i Haugesund bare dryge 14 dagar etter at ho skal gjennom ein hjerneoperasjon denne veka.
– Det er vel dei som meiner eg er gal, men dette er livet mitt. Det er dette som får vekk alle dei mørke tankane om sjukdomen min, og som gir meg håp. Og denne gongen blir det heilt spesielt. Mest med tanke på operasjonen, men også at eg har fått med meg Tom Mathisen på scena, smiler Sørensen.
Ho er fargerik der ho sit i sofaen vår og snakkar om sjukdom, sorg og latter som om det var den enklaste ting i verda. Om alle planane ho har saman med musikar og komikar Tom Mathisen, og sin etter kvart meir eller mindre faste musikalske makker Bjørn Halstensen.
Det var på ein tur til Florida at Halstensen kom inn på at dei kanskje skulle spørre den tidlegare Prima Vera-stjerna om han kunne tenke seg å vere med på eit stunt på scena saman med dei to.
– Han tente på ideen med ein gong, og det var bare ja å høyre. Nå gleder han seg til å vere med og er glad for at han slepp regien denne gongen. Han skal både vere ein forteljar og med på det som eg skal presentere. Det trur eg blir heilt topp. Kanskje han blir Dr. Tom…
– Kva tenkte han om operasjonen du har denne veka?
– Han har nok vore med på så mykje rart i si karriere at det neppe set han så mykje ut av spel. Han er ein rutinert artist som eg har stor respekt for, så dette skal bli bra greier, ler Sørensen.

Det trur eg blir heilt topp. Kanskje han blir Dr. Tom…

Nytt
Mange har allereie fått med seg framsyninga, men denne gongen blir det ein litt ny vri, ikkje bare når det gjeld gjesten på scena.
– Denne operasjonen som eg tar nå, er noko eg har venta på lenge. Mange av framsyningane har vore lagt opp slik at eg har sett fram til det. Nå er det ein ny epoke, og då må eg sjølvsagt ha med den i framsyninga. Dette handlar om tårer, kor vanskeleg og fortvila det er å ha Parkinson, men også om alt håpet. Eg har valt denne måten å leve på og framsyningane er medisin. Etter at eg måtte legge inn årene som lærar på ungdomsskulen i haust, fekk eg klar melding frå legen min. Kom igjen, Vibeke. Gå «all inn» på dette, og det gjer eg verkeleg.
– Så dei som har sett og høyrt deg før kan trygt komme igjen?
– Å, ja det hadde vore stas. Eg har ikkje noko manus, men ei ramme for kva framsyninga skal ha av innhald. Det varierer kveld etter kveld. Då eg hadde åtte framsyningar på «Pitters» var det nokre av dei i baren som sa at det var forskjell frå kveld til kveld. Eg tenker ikkje på det, men slik er det vel.

Kjendis
– Korleis er det å vere ein lokal kjendis for noko som er så pass alvorleg som denne sjukdomen og din kamp med og mot den?
– Det har bare vore gode tilbakemeldingar så langt. Media har vore flinke og skreve fleire gode saker der også temaet kommer fram. Vekeblader har vore der, og nå har eg fått tilbod om spalteplass i Se & Hør. Blir vel sjampis og boblebad då, ler Sørensen så ho ristar i benken.
– Kva tenker du om framtida. Den er ein del av «pakken» den og?
– Absolutt. Akkurat nå blir det desse tre framsyningane på Festiviteten siste helga i mars. Etter det er det ingen konkrete planer, men ting har ein tendens til å dukke opp. Eg kjenner at eg nektar å godta at eg er ferdig som lærar. Eg har framleis så mykje i meg som eg vil ha ut i klasserommet. Så har eg lyst til å skrive ei pedagogikk-bok, og har begynt å notere ned ein del. Så brenn eg for realfaget, så nei eg kan ikkje bare trekke meg frå det. Men eg har avgrensingar eg også, sjølv om det ikkje alltid seg slik ut, smiler Vibeke Sørensen.
Ho er svært open om operasjonen i Oslo som var torsdag sist veke. Litt for å vere terapeut for seg sjølv, men også for å hjelpe andre.
– Dette er ein såkalla vakenoperasjon og eg gruar meg til dei skal bore i hovudskallen min. Men eg har fått fantastisk oppfølging av legane der inne, og veit kva som ventar meg. Det er ein ny epoke i livet mitt som startar denne veka. Det skal gjere meg sterkare, og den sjansen lovar eg at eg skal gripe med begge hendene. Slik er eg bare, avsluttar Vibeke Sørensen frå Førre.

LES OGSÅ: https://tysver-bygdeblad.no/2017/03/10/vibeke-og-stiletthaelene-er-trygt-innlosjert-pa-rikshospitalet/