Han stråler nærast om kapp med bilda der han viser rundt og forklarer historia bak kvart enkelt bilde, og ikkje minst om korleis han i årevis har jobba med ein stor glassfisk, fylt med søppel frå Smedasundet.
– Det er kjekt for meg å endeleg komme hit til Tysværtunet og til Tysvær kunstlag. Dei har eg hatt god kontakt med i mange år. Slike foreiningar er svært viktige for oss kunstnarar og ikkje minst for å lære opp nye generasjonar med kunstinteresserte. Responsen så langt har vore god, og eg treff stadig på folk her som er nysgjerrige og har spørsmål. Det liker eg, seier Roald Tellnes.
70-åringen frå Bergen, nå busett på Norheim, er ein aktiv kar. Det merker ein raskt når han er til stades i rommet med utstillinga som skal henge oppe eit par veker.
– Det som er ekstra kjekt nå er at denne fisken, som eg altså har jobba med i fleire år, plutseleg blei svært aktuell når dei fann så mykje plast i denne kvalen som har vore på nyheitene. Eg fekk inspirasjon etter å ha sett kva dei fann under oppryddinga i Smedasundet for eit par år sidan og tenkte dette var ein god måte å vise det fram på. Nå går folk og kikkar inn i fisken og finn stadig noko nytt. Det ligg eit Visa-kort der, ein kassett og mykje anna. Eg trur det er eit gebiss der også, seier Tellnes til eit par ungar som dukkar opp og studerer fisken.
Les heile saka i papiravisa.