15 menn og 16 typar heimebrygga lokalt øl. Skjema og nøye vurdering av alt frå farge til smak. Å vera dommar i ein ølkonkurranse er slett ikkje nokon spøk.

– Her karar. Ein ny runde. Hovmeister Rune Baustad hadde full kontroll over ølsmakinga sist helg. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

Ein bryggetradisjon å vere stolt av

15 menn og 16 typar heimebrygga lokalt øl. Skjema og nøye vurdering av alt frå farge til smak. Å vera dommar i ein ølkonkurranse er slett ikkje nokon spøk.

av Alf-Einar Kvalavåg

Det er fredagskveld i Skjoldastraumen. 15 smilande karar har tatt med seg det beste av det beste frå eiga bryggeri. Nedstrand mot Straumen. Eller i eit slikt lag, alle mot alle, men samstundes alle for ein.
– Me hadde for to år sidan den aller første «Bryggefest» kor gjengen frå «Glasshuset Nano» stakk av med pokalen. I år måtte dei sende pokalen over bordet til «Nedstrand Bryggeri». Ikkje berre vann dei, men dei tok dei tre første plassane. Og det er sterkt gjort for her er det mykje godt øl, forklarar Rune Baustad, hovmeister for kvelden og medlem av Nes Ølbryggarlag.

Spennande
Brett på brett med smaksprøvar kom til borda kor eit skjema blei nøyaktig fyllt ut. 16 smaksprøvar seinare var det avgjort, med solid siger til førehandsfavorittane Svein Dalva og Tor Gunnar Lilleskog.
– 16 brygg blei grundig smakt og vurdert, deriblant tre av våre testbrygg. I ein spennande og smakfull konkurranse gjekk vår «Klatre Apa» heilt til topps. I tillegg til at me også tok andre-og tredjeplassen med «Ånnas» og «Citra IPA». Dermed storeslem og svært stolte bryggarar. Det er alltid nervepirrande å bli vurdert, men resultatet gir oss tru på at me har noko på gang, seier vinnerane.
4 . plass fekk «Brewery of Hope» med sin «Sluseporter» og 5. plassen gjekk til «Djursvoll Bryggeri» sin «India red ale».

Les heile saka i papiravisa.

Les også: https://tysver-bygdeblad.no/2017/03/16/kulturarv-med-skum/

Kjøp avisa her