Kulturarv med skum

Ølbrygging er ein gammal tradisjon i Noreg. Spesielt på bygda var det mange som lærte seg kunsten, og som laga sitt eige øl og hadde sin variant.

av Alf-Einar Kvalavåg

Historiebøkene er fulle av historier om dyktige bryggarar, som kunne sitt handverk.
Men brygging var ikkje berre eit handverk, men også mange stadar eit supplement til den kulturarva som ein i dag berre finn restar av i slitte låvar eller uthus.
Då me blei ringt opp av ivrige ølbryggarar for eit par veker sidan, var det med litt uvita, men også ein god del kunnskap som ballast, at me takka ja til å komme på årets smaksprøving av lokalt heimabrygg øl. Det har vore kjent i fleire år at lokale bryggarar har tatt opp arva og starta eigen produksjon. Ikkje i stort, men med hovudfokus på eigenart og kvalitet.
Og der satt dei altså, smilande, stolte og ikkje minst spente på kva dei andre hadde med seg. 16 sortar, og fleire hadde ikkje tid eller sjanse til å komme og presentere sitt øl, og dette berre på strekninga Skjoldastraumen – Nedstrand.
Med andre ord var dette skumtoppen av ølbrygginga i Tysvær.
Dette handlar ikkje om å drikke meir alkohol, men om å tileigne seg kunnskap, gjere innkjøp, vere saman og diskutere, og til slutt ende opp med eit produkt. Så skal ein lage etikettar og finne på namn.
For meg står dette fram som ein av kommunens viktigaste kulturjobbar på lik linje med mykje av det andre spennande som det nå jobbast med. Her blir det diskutert historier frå gardar og grender i kommunen. Ein snakkar om gamle og gode bryggarar, som henta inspirasjon frå sine reiser rundt om i landet, ja til og med utanlands. Ein har også funne ut kor viktig del dette var av drifta på ein del av gardane i gamal tid. Så øl kan altså vere kima til meir enn helgefyll og problem.
Det var som ein av deltakarane sa: – Det handlar ikkje om å drikke mykje, men brygge noko som smakar godt. Derfor er det aldri snakk om kva øltype det er lettast å drikke mykje av, men kva øltype som har best smak, best farge og som er perfekt brygga.
Kultur kan altså vere så mangt. Ølbrygging i Tysvær, omfanget og kvaliteten imponerte meg. Samhaldet og den genuine interessa for prosessen, og gleda over kvaliteten på produktet, minna meg om andre kulturopplevingar. Som det å komponere, skrive og hente inn historier. For så å framføre dette.
Kulturarv er noko ein må ta på alvor.
Så kanskje ein dag, og det treng ikkje vere lenge til, så kan ordføraren i si nyttårsmottaking hente opp kulturprisvinnerar med skum i barten.
Og, kanskje ein dag får me lov til å kjøpe Tysvær-øl, brygga på våre tradisjonar mellom sjø og fjell i butikken.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør

Kjøp avisa her