Den mykje omtalte rusbustadsaka blei endeleg avgjort i teknisk utval førre veke. Naboane fekk ikkje mehald i klagen sin, og bustadane kjem.

– Om naboane ønsker å sende saka over til Sivilombudsmannen er det mogleg etter at eit endeleg vedtak er fatta. Men han kan ikkje endre på vedtaket, seier rådmann Arvid S. Vallestad.

Naboane får ikkje medhald

Den mykje omtalte rusbustadsaka blei endeleg avgjort i teknisk utval førre veke. Naboane fekk ikkje mehald i klagen sin, og bustadane kjem.

av Mona Terjesen

Diskusjonen om plasseringa av bustadane til rusavhengige har vore ei heitt potet siste åra. Etter at det blei vedtatt å plassere dei ved Aksdalsvatnet, har instansar klaga. Dei som har hatt mest å seie er naboar, som særleg fryktar for ungane deira si sikkerheit.

Ingenting nytt
Naboane forlanga saka utsett på grunn av saksbehandlingsfeil. Dette fekk dei ikkje medhald i av teknisk utval, og saka er altså no avgjort.
«Teknisk utval finn at det ikkje er komme fram nye, vesentlege moment som gir grunnlag for å endre tidlegare vedtak. Klaga blir derfor ikkje tatt til følgje og teknisk utval opprettheld sitt tidlegare vedtak», heiter det i vedtaket.
Det vil seie at teknisk utval gir dispensasjon frå kommuneplanen og rammeløyve til plasseringa av bustadhusa ved Aksdalsvatnet for ein periode på fire år.
Tiltaket skal evaluerast innan to år etter at bustadane har blitt tatt i bruk.
Som eit trafikksikringstiltak skal ein bom i nordre enden vurderast, før det blir gitt bruksløyve. Blir det ikkje bom så skal ei anna form for fysisk skilje mellom dei mjuke trafikantane og dei køyrande på plass.

Klager til Sivilombudsmannen
Naboane har varsla at om dei blir avvist av kommunen og politikarane, så klagar dei saka vidare til Sivilombudsmannen. Rådmannen minner om at Stortinget sin ombodsmann ikkje har mandat til å stoppe saka…

Les meir i papirutgåva…