Ordførar Sigmund Lier er klar i talen når han tar til ordet i vindmøllesaka; Tysvær kommune seier NEI til vindmøller!
Foto: Mona Terjesen
Ordførar Sigmund Lier er klar i talen når han tar til ordet i vindmøllesaka; Tysvær kommune seier NEI til vindmøller!

– Me skal opp eit nivå

Overgrep mot barn er ein tøff kamp. Dette tar Tysvær kommune på alvor.

I lang tid har Tysvær kommune jobba med eit dokument som skal ut til alle som jobbar med barn og vaksne i kommunen. Det blir også eit oversikteleg tidsskriv som alle innbyggjarane får tilgang til. Å stoppe overgrep og barnepornografi er ein kamp som verkar umuleg å vinne. Likevel lovar ordføraren at kampen skal takast, og det nå.
– Me har invitert pressa til rådhuset i dag for å fortelje kor langt me nå har komme i dette arbeidet, som på mange måtar er ein revisjon og forbetra utgåve av det dokumentet som kom i 2011. Me skal opp både eit og to nivå i kampen mot overgrep. Kulissane er som ein kjenner til den såkalla «Lærarsaka» der elevar i vår skule blei utsett for overgrep, og der kommunen framleis prøver å komme i kontakt med alle som blei ramma. Sjølv om dette er mange år sidan nå, er dette ei tung sak som vil følgje oss i lang tid. Derfor vil eg også i dag beklage på vegne av kommunen til alle dei som er ramma i saka, seier ordførar Sigmund Lier.

Les heile saka i papiravisa