Kjetil Alvheim kikkar bort på det som skal bli Bringedalstunet i Aksdal. 20 nye leilegheiter skal det bli plass til på den historiske tomta.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Kjetil Alvheim kikkar bort på det som skal bli Bringedalstunet i Aksdal. 20 nye leilegheiter skal det bli plass til på den historiske tomta.

Nå startar fortettinga

Odd Hansen Prosjekt har planar om 20 leilegheiter i Bringedalstunet tett på Tysværtunet.

Sjølv om planane ikkje formelt er godkjende så startar reguleringsarbeidet på detaljnivå nå. Det betyr at den annonserte fortettinga i Aksdal begynner å nærme seg.
Me har gjort ein avtale med ein privat grunneigar og har nå sendt inn våre planar til godkjenning. Normal handsaming av slikt er mellom ni månadar og eitt år. Når det er på plass kan me gå ut med meir detaljerte salsoppgåver for prosjektet, seier Kjetil Alvheim.
Nok ein gong skal tysværbuen leie eit stort og spennande prosjekt i heimkommunen.
– Nå har me prosjekt i Haugesund og på Karmøy, men det er sjølvsagt stas at me har noko å tilby også i min kommune, der eg er godt kjent med kor folk vil bu. Og Aksdal er det mange som vil til. Då me selte «Utsikten» var det ein del som spurte om det ville komme noko endå meir sentralt, og dei har eg notert meg namna på. I tillegg har det komme ein del og spurte etter leilegheiter i Aksdal på dei messene me har vore. Så sjølv om det er tidleg og ingen har signert, merker eg at det er stor interesse for å bu sentralt. Og meir sentralt enn dette går det ikkje ann å få det, smiler Alvheim.

Frå 90 kvadrat
Planen er å få på plass 20 leilegheiter frå 90 til 130 kvadrat. Flest i den minste klassen. Alle med terrasse mot sør og med halvt overtak. Det er eit krav frå kjøperar i dag og sjølvsagt med i planane.
– Det blir ei klassisk terrasseblokk, men me har tenkt å modernisere utsjåande litt frå dei me har bygd før. I tillegg skal blokka tett inn til fjellet slik at den ikkje stel utsikt frå bygningane bak. Me har sjølvsagt vore i dialog med Tysvær kommune, og dette er nok i den gata dei ser føre seg i dette området, kor dei sjølv har planar på austsida av «vår» tomt. At dette er ein del av sentrumsplanane håper me gjer at handsaminga går fort og greitt, seier prosjektleiaren.

Les heile saka i papiravisa