Eivind Skeie.
Eivind Skeie.

Ei salmereise mot påske med Eyvind Skeie

Onsdag denne veka innbyr Aksdal kyrkje til ei salmereise med Eyvind Skeie.

Det går mot påske, og det er naturleg at påskeevangeliet blir ein viktig del av temaet denne songkvelden.

Eyvind Skeie er fødd i Bergen i 1947 og bur i dag på Kolbotn.
Han er utdanna teolog og ordinert prest, men har arbeidd det meste av livet som forfattar og formidlar på mange område.
I forfattarskapen sin har han skrive mykje for born, både songar, manuskript til TV-program og barnebøker. Men like mykje har han skrive for vaksne: biografiar og faglitteratur av ulik art. Han er også mykje brukt som føredragshaldar. No for tida er han t.d. sterkt engasjert som førelesar om Martin Luther og reformasjonen.

Mest kjend for oss er han truleg som salmediktar. Og det er som salmediktar og salme-syngjar me skal verta kjend med han her hos oss. Salmane hans finst i dei fleste song- og salmebøker i landet vårt. I Norsk Salmebok ( 2013) har han 38 sjølv-skrivne salmar og 17 omsette salmar. Her hos oss skal me syngja salmar frå hans eiga songbok «316» som han gav ut i 2007.