Det er Straum-Gaupås-krysset det er snakk om. Tysdag løyva kommunestyret 625.000 kroner ekstra – for å gjere nødvendige tiltak på fylkesveg 515 ved Straum-Gaupås, slik at krysset blir trafikksikkert og godkjent. Det til tross for at feilen ligg hos konsulentfirmaet Norconsult, påpeiker politikarane.
– Dette kjennest veldig urettferdig. Men samtidig må nokon ta ansvar, og det gjer me no, kommenterte ordførar Sigmund Lier.
Vanskeleg sak
– Dette har vore ei svært utfordrande sak. Det er trist at dei ikkje klarte å treffe med plasseringa av krysset på første forsøk, og at konsulentfirmaet ikkje har innrømt feil. Og i dette tilfellet har heller ikkje Vegvesenet vore løysningsorienterte. Hadde dei berre gått med på å sette ned fartsgrensa så kunne alt dette vore løyst, uttalte teknisk sjef i kommunen, Bjørn Bruaset under kommunestyremøtet tysdag kveld.
Les heile saka og få alle detaljar i papiravisa