Politikarane må droppe planane om å gjere Opplevelseskortet tilgjengeleg for alle.

For å unngå stigmatisering, føreslo Kristine Aurdal (KRF) å gjere Opplevelseskortet til «noko for alle». Dette gjekk ikkje...

– Berre til dei med dårleg råd

Politikarane må droppe planane om å gjere Opplevelseskortet tilgjengeleg for alle.

av Mona Terjesen

For nokre veker sidan vedtok formannskapet å innføre Opplevelseskortet i Tysvær. Dei kalla det eit flott tiltak, men frykta for stigmatisering gjorde at dei endra litt på ordninga.
– Ville det ikkje vore betre om dette var eit kort som kven som helst kan kjøpe, men berre nokre får tildelt? På den måten vil ingen skilje seg ut om dei har Opplevelseskortet, spurte Kristine Aurdal (KRF).
Innspelet hennar blei positivt mottatt av dei andre rundt bordet, og det blei fremma eit fellesforslag som blei samrøystes vedtatt.
Dette punktet måtte dei trekke seg på då saka var oppe til endeleg behandling i kommunestyret på tysdag.
– Me rekna med at dette var eit elektronisk kort, som me kunne produsere for kven som helst. Men ut frå ei orientering i går, så ser me at dette er vanskeleg å administrere. Denne ordninga skal bli knytt opp mot ulike aktiviteter og bli utgitt via NAV, oppklara Aurdal frå talarstolen.

Les heile saka i papiravisa

Kjøp avisa her