Trudde du dei skulle hjelpe?

Noko av det som skaper mest frustrasjon i ein kommune er avslag når ein søker i private byggesaker.

Eller eit nei over bordet når ein har lyst til å legge til rette for fleire bustadar på privat grunn. Eller når kommunen sjølv har prosjekt, som fylkesmann og andre avviser på same måte.
Me får jamleg inn frustrerte tips om enkeltpersonar og verksemder som opplever at mange av desse avslaga rett og slett er urettferdige, og ikkje slik det bør vere.
Det som likevel skaper mest frustrasjon er når politikarstyrte teknisk utval seier nei, på prosjekt som blant folk flest er eit tydeleg ja-prosjekt. Og dei er det mange av.
– Er ikkje politikarane valt for å hjelpe meg og deg?, er eit vanleg spørsmål.
Svaret på det er delvis nei. Eller ofte nei.
Når me kvart fjerde år vel nye representantar i kommunestyret er det mange som gjennom valkampen får høyre at lokalpolitikarar har tenkt å stille opp for bygda si, skulen sin og ikkje minst for innbyggjarane sine. Så får dei sine stemmer, blir valt inn og fanga opp av eit system dei ikkje kjem seg ut av.
Kunnskap er ofte det første hinderet. Partiprogram og samarbeidsavtalar dei neste. Så er det ein del som ikkje taklar det å få makt. Dei trur at dei med å få nok stemmer, plutseleg fagleg også har fått ei oppgradering.
Og innan teknisk utval sine arbeidsområder er det mykje fagpreik. Der skal lokalpolitikarar jobbe med politiske saker, som først er gjennomarbeida av konsulentverksemder og administrasjonen. Så kan ein spørje seg om kva sjanse dei har til å snu ei sak til veljarane si glede, når dei som sit der rundt bordet i enkeltsaker ikkje heilt veit verken kva ein snakkar om, eller kva som er konsekvensane av vedtaket dei gjer.
Nå er det slik at i denne perioden har leiar Terje Knoff allereie vist seg å vere ein god mann. Både for utvalet og for folk flest. Og det trengst. Berre for å gi eit lite og kanskje ubetydeleg eksempel på kor «urettferdig» dette systemet kan virke på meg og deg.
Administrasjonen vil etter nøye gjennomgåing gi velforeininga på Nappatjørn dispensasjon for ei grillhytte som er satt opp til glede for alle i kommunen, men sjølvsagt mest for dei som bur der. Dei ser inga grunn til å gripe inn, sjølv om hytta ikkje var godkjend. Då ville det vore naturleg at dei folkevalte, innbyggjarane sine kvinner og menn hadde støtta dette. Men, nei. Dei vil straffe initiativet med bøter. I den tidlige prosessen var det også fleire av partia som vurderte riving. Dei hadde tydelegvis gløymt kven som stemte dei inn, og kvifor.
Eit tips til alle dei tusenar av tysværbuar som bur i dette området, og som om to år skal gå til nytt val. Sjekk ut kven det er som gjer slike vurderingar. Sjekk også ut kvifor det ikkje blir kunstgrasbane på Frakkagjerd når «alle» partia hadde lova det, og hundrevis av ungar framleis ikkje får trene slik dei vil.
Ikkje tru at dei folkevalte er der for deg. Dei er stemt inn der av deg for å tene eit system. Lik det eller ikkje.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør