– Har du ei «krona»?

Tigging er blitt diskusjonstema dei siste dagane. Etter at NRK viste dokumentaren om Romania-ligaen i programmet Brennpunkt, har kommentarane ikkje latt vente på seg.

Folk er både sjokkerte og skremte, og mange seier rett ut at dette hadde dei aldri trudd var muleg.
I Aksdal har det i det siste året vore tiggarar ved dørene. Nå kjenner ikkje eg bakgrunnen deira, og skal ikkje påstå verken det eine eller andre. Men dei er eit godt eksempel på korleis me held oss til nettopp tigging.
Ein del stoppar opp og legg nokre myntar i ein slitt kopp, og ønsker ein fin dag. Andre går forbi og tenkjer nok sine tankar.
– Det er ikkje ille her, du skulle sett i Bergen og Stavanger, sa ein kar til meg då me sto og kikka på ho eine som sat der under ein paraply i typisk vestlandsvêr.
Tigging har dei siste åra blitt meir og meir synleg i gatebildet vårt. Derfor var det mange som fekk med seg Brennpunkt, og som hovudristande satt igjen, sjokkerte over menneskesynet og kor ille det er der ute i den verkelege verda.
Spørsmålet er om nokre av alle dei kronene me legg i koppen, eller gjennom kjøp av diverse blader, verkeleg kjem til dei som treng det. Og kva skjer om me sluttar å gi? Kor skal dei hente inn desse pengane då?
Ein av diskusjonane eg har følgt handlar om å kjemme alle under éin kam. Det finast grupper som sjølvstendig må kjempe for kvar krone til livets opphald. Det er dei me ønsker å hjelpe når me gir. Det handlar ofte om dei som er på flukt, som har reist frå alt dei har og som ikkje har organiserte bandar i ryggen. Men korleis skal me finne dei, når ein greier alle med den same store kammen?
Det beste forslaget eg har sett til nå, er at organisasjonar som Frelsesarmeen, Redd Barna og Røde Kors må på banen. Det er dei allereie, men her kan det vere noko å hente.
Og ja, du har rett. Det står ofte ein kar og tiggar inne i senteret også. Han sel blader også. Han er frå nettopp Frelsesarmeen, og det er vel ingen som trur at det som kjem inn der ikkje hamnar på rett stad.
Eg trur Noreg fekk ein vekkjar gjennom Brennpunkt, og det viser også hendingane etterpå når det viser seg at det blei brukt feil illustrasjonsbileter i programmet. Det er det få som heng seg opp i. Til det var innhaldet i programmet for tydeleg og for sterkt.
Me vil rett og slett ikkje ha det slik i vårt land. Så får dei som har myndigheit rydde opp. Det bør skje raskt til, alle beste.
Så kan ein atter begynne å gi ei krone til dei som treng det. Dessverre er det mange.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør