Helene Håland, Sigmund Lier, Thore Yrke og Marlin Løvås skal rydde søppel i dag. Skal du?
Foto: Ingvild Rørtveit Myklebust
Helene Håland, Sigmund Lier, Thore Yrke og Marlin Løvås skal rydde søppel i dag. Skal du?

Utfordra politikarane til å rydde

I dag møtest kommunestyret for å gjere noko like viktig som å diskutere politikk; dei skal ut og plukke søppel.

NRK Rogaland har ein aksjon gåande, som heiter «Hele Rogaland rydder». Denne blei det nybakte ungdomsrådet i Tysvær engasjert av, og fann ut at dei ikkje berre ville ut og rydde sjølv – men utfordra like så godt også kommunestyret til å finne fram plasthanskar og søppelsekkar.
– Me synest det er veldig viktig at me ryddar etter oss ute i naturen, seier leiar i ungdomsrådet, Helene Håland.
Ordførar Sigmund Lier er einig, og tar imot utfordringa frå ungdommane med opne armar.
– Positivt initiativ og positiv invitasjon, seier han, og oppmodar andre i kommunen til å gjere det same.

Les heile saka i papirutgåva