Rikard Aksland (bak ballen) var ein av to målscorar då Nedstrand møtte Ferkingstad i kveld.
Rikard Aksland (bak ballen) var ein av to målscorar då Nedstrand møtte Ferkingstad i kveld.

Vel fortent heimesiger

Det mangla ikkje på sjansar for Nedstrand då dei møtte Ferkingstad heime på Theatre of farmers i kveld. Det enda vel fortent 2-1 til heimelaget, noko jubelbrøla i garderoben vitna om at dei var fornøgde med.

Det var gjestane som først sette ballen i nettmaskene bak Nedstrand sin målmann frå langt hald etter ti minuttar. Målskorar for Ferkingstad var Stian Simonsen. Nedstrand er på hogget etter dette, og spelet held seg mykje på Ferkingstad sin banehalvdel.

Heimelaget hadde mange sjansar, men sterkt keeperspel av Ferkingstad sin målvoktar gjorde det vanskeleg for dei raude og kvite å setje ballen i mål. Fleire skot trefte også stolpane.
Få minuttar før pause blir Jonas Helle felt, og det blir straffe til Nedstrand. Rikard Aksland set i stolpen, men to minuttar seinare klinkar han til med eit skot frå 16 meter som sit rett i nettet. Det står uavgjort til pause.

Omlag 55 minuttar ut i kampen blir det mykje klabb og babb i feltet framføre Ferkingstad sitt mål, og til slutt er det , Kristján Þverdal som set ballen i mål, til stor jubel frå heimepublikummet som nedprioriterte gullrekka denne fredagskvelden.

Nedstrand: Svein Tore Kleiberg, Kristján Þverdal , Audun Tendeland, Eivind Espevik, Roy Marius Helgeland, Kåre Østebøvik Eide, Mikal Aarekol Aksland, William Aksland, Jonas Helle, Tjærand Matias Eide Milje, Sven Inge Dalva Lie, Benjamin Fitjar, Espen Hundsnes, Tord Topnes, Tadas Vencas, Rikard Aksland.