Det er planarbeidet i Aksdal som skal presenterast, og som seinare skal leggast ut til politisk handsaming hausten i år.
Mitt kontor ligg midt i Aksdal sentrum. Eg har utsyn til det meste frå våre lokale. Aksdal utviklinga, sett ut vindauga, minner om NRK sine suksessar minutt for minutt. Det er sakte-fjernsyn på sitt beste. Det er litt rart med sånn sakte TV. Ein kan stå lenge å kikke ut vindauge, eller å sjå på fjernsynsskjermen utan at det eigentleg skjer noko som helst. Likevel kan ein ikkje forlate plassen heller, for kven veit kva som skjer om ein ikkje er der.
Denne vinteren og våren er me blitt lova store ting i sentrum, så store ting at eg er brennsikker på at me kjem til å sjå ein gravemaskin og to før me skriv 2018. Det som er mest sannsynleg er at dei startar opp i vest med Stølsberg-utbygginga, før dei går vidare og kanskje startar opp langs Aksdalsvegen med bustadtilbodet der.
Kva så med rundkjøringa, som er så viktig for alle planar som er i Aksdal. Når kjem den?
Så lenge Tysvær kommune vil legge ut store pengesummar i garanti, så kan det skje noko der etter sommaren. Vegvesenet har lenge sagt at dei er klar. Når anboda kjem inn, så må me nå vere så positive av oss at me trur på det. Den italienske landsbyen er ute på høyring, og blir svara dei same der som blant folk på torget i Senteret, så går det nok ein del tid før det blir godkjent.
Ingenting av dette er i folks auge noko sentrumsutvikling å snakke om. Kommunale bustadar og leilegheiter er ikkje i den gata folk har forventningar om. Albatross og nytt Aksdal Senter står på lista over ønsker. Kva tid ein ser graving på austsida av Tysværtunet er svært usikkert, sjølv om både ordførar og rådmann stadig poengterer at dei er i god dialog med utbyggar, og at dette er eit utruleg spennande prosjekt.
Vel, det er kanskje det, men det er som me har skrive mange gonger før ein del utfordringar knytt til den tomta, mellom anna til trafikk og parkering.
Aksdal Senter er det ultimate minutt for minutt programmet. Der skjer det litt mellom klokka 08.00 og 22.00. Hadde du stått i vindauga mitt ville du sett vanlege folk traske att og fram. Men av og til, dukkar det opp menn i dress. Eigedomsmeklarar som ikkje eigentleg vil bli sett, eigedomsutviklerar og av og til kjenningar frå Vinmonopolet, eller kjente kjedar. Me blir litt blenda av dette, for det ser ut som dei trykker på spoleknappen og alt går litt fortare. Men det gjer ikkje det.
I formannskapet tysdag måtte me gå ut då dei skulle snakke om Aksdal Senter. Dei måtte lukke møtet fordi dei skulle snakke business. Det skulle berre vere ei kort orientering frå Sigmund Lier, men det tok ein halvtime. Det er nok fleire der som har dei same spørsmåla som meg.
– Kor lenge skal dette minutt for minutt programmet rulle og gå?
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør