Det er Odland Farm Products, ved Øystein Hellesøy som søker om løyve til produksjon og sal av eplesider frå garden sin. Dette sa alle politikarane i formannskapet ja til på tysdag.
Fullt utstyr
Garden til Hellesøy på Odland er pakta vekk, men Øystein har altså i staden planta epletre som han nyttar til produksjon av sider. Fram til no har dei edle dråpane gått til eige bruk, men no ønsker altså Hellesøy å også produsere for å selje.
– Hellesøy har i dag innreia eit eige rom for produksjon av eplesider i driftsbygningen, og han har investert i naudsynt utstyr. Produksjons- og lagerlokala er godt sikra med lås og overvakingskamera. Det er montert kamera både inne i lokala og ute, forklarer rådmann Arvid S. Vallestad i saka.
I tillegg til produksjon og sal av sider, planlegg Øystein Helesøy på sikt å legge til rette for eit overnattingstilbod på garden. Då vil han i såfall søke om bruksendring av driftsbygget. Dette er han i dag i samtale med Haugaland Vekst om.
Les heile saka i papiravisa