Det er tørt i Tysvær i desse dagar. Nå innfører brannvesenet forbod mot å gjere opp eld. Bilde frå ein lyngbrann på Steinsfjellet denne veka. Foto: Politiet
Det er tørt i Tysvær i desse dagar. Nå innfører brannvesenet forbod mot å gjere opp eld. Bilde frå ein lyngbrann på Steinsfjellet denne veka. Foto: Politiet

Forbode å gjere opp eld

Tysvær brannvesen ved brannsjefen innfører nå forbod mot å gjere opp eld i kommunen.

Det er nå forbode å gjere opp open eld eller behandle brannfarlege gjenstandar utandørs under omstende eller på ein slik måte at det kan føre til brann. Forbodet er gitt med bakgrunn i det fine vêret og ein lenger periode utan nedbør. Dette medfører stor fare for gras- og lyngbrann i heile kommunen, opplyser brannsjefen.
Karmøy har også innført forbod mot å gjere opp eld denne veka.

Dersom ein har spørsmål, kan ein kontakte brannvesenet på telefon 90 78 39 66.