– Frå og med i dag får abonnentane våre tilgang på eksklusive TB+-saker på nettet, fortel dagleg leiar Irene Stuhaug Ørke og redaktør Alf-Einar Kvalavåg.  
Foto: Ingvild R. Myklebust
Det er framleis gode opplagstal i Tysvær Bygdeblad. Det sier leiar Irene Stuhaug og redaktør Alf-Einar Kvalavåg.

Det er best å gå i +

I dag utvidar me tilbodet til abonnentane våre. I tillegg til å få papiravisa heim i postkassa, vil dei no få fri tilgang til TB+-sakene våre på nettet!

– Me har planlagt dette over tid, og no er dagen her. Frå i dag av vil det vere saker på nettsida vår som er merka TB+. Desse kan abonnentane lett låse opp og lese. Det vil seie at abonnentar av Tysvær Bygdeblad vil ha fri tilgang til nettavis, E-avis og papiravis, forklarer dagleg leiar Irene Stuhaug Ørke.

Eksklusivt
Omlag 2.000 abonnentar får no denne mulegheita.
– Det einaste abonnentane våre må gjere er å sende oss ein e-post, slik at me kan sende dei brukarnamn og passord i retur. Mange har gjort dette allereie, og dei som har fått faktura det siste halve året har også fått brukarnamn og passord i dette dokumentet, seier Stuhaug Ørke.
– Målet for oss er å lage eit tilbod som skal vere meir eksklusivt. Lesarar er etter kvart blitt vant til at aviser, også lokalaviser, har eit slikt tilbod, seier redaktør Alf-Einar Kvalavåg.

Les meir i papiravisa.

Er du abonnent og treng passord send e-post her: [email protected]