Turid Henriksen, Reidun Lundø og Elisabeth Enerstvedt deltok på markeringa av Verdens aktivitetsdag på Aksdal senteret i dag.
Turid Henriksen, Reidun Lundø og Elisabeth Enerstvedt deltok på markeringa av Verdens aktivitetsdag på Aksdal senteret i dag.

Samla seg om aktivitet

I dag blir Verdens aktivitetsdag markert globalt, og på Aksdalsenteret sette lokale aktørar lys på viktigheita av fysisk aktivitet.

Frisklivskoordinator, kreftkoordinator, folkehelsekoordinator og idrettskosulent frå Tysvær kommune er på plass på stand i Aksdalsenteret i dag. Det er også Tysvær og Bokn LHL, Tysvær Revmatikerforening, Landsforeininga for overvektige og Tjukkasgjengen.
Dei deler gode råd, samt inviterer til aktivitetar og sunt snadder.
Landsforeningen for Overvektige avdeling Haugaland fortel om kva dei kan tilby av aktivitetar her i Tysvær. Dei trener mellom anna vassgym i terapibassenget på Tysværtunet tre gonger i veka. For å nytte seg av dette tilbodet må ein ha ein BMI på 35.
– Somme kvir seg kanskje litt for å gå på trim, der mange er slanke og veltrente. Her kan ein sleppe valkane fri, seier Elisabeth Enerstvedt smilande.
Foreininga har hatt aktivitetar i terapibassenget i 17 år.
– Med slike tiltak sparer me nok staten for mange helsekroner, påpeiker Enerstvedt.
Ho påpeiker at menn også er velkommne i bassenget, men innrømmer at det ikkje har vore så mange mannlege med på badedagane. Foreininga får låne bassenget gratis av Tysvær kommune, noko dei set svært stor pris på. Dei leiger også inn fysioterapeut.
– Me har det jo sjølvsagt også veldig triveleg i lag, seier Enerstvedt, som påpeiker kor viktig det er for helsa å halde seg i bevegelse.
Tjukkasgjengen er også å finne på stand i dag. Dei held til i Haugesund, men har medlemmar på heile Haugalandet.
– Tysværbuar er hjarteleg velkomne til å vere med, seier Turid Henriksen, som fortel at Tjukkasgjengen går tur i sitt eige tempo med utgangspunkt på Flotmyr.

Folkehelsekoordinator Ann-Kristin Berge Dahle var på plass.