Rogfast blir verdens lengste undersjøiske vegtunnel med sine 26,7 kilometer. Her er tunnelinnslaget ved Laupland i Bokn.
Rogfast blir verdens lengste undersjøiske vegtunnel med sine 26,7 kilometer. Her er tunnelinnslaget ved Laupland i Bokn.

– Endeleg er Rogfast vedtatt!

I går vedtok Stortinget at Rogfast skal byggast. Byggestart kan bli allereie i år.

– Dette er ein merkedag for oss som jobbar på Rogfast-prosjektet. Me er klare til å lyse ut den første kontrakten, så snart me har fått avklart utfyllingstillatelsen og løysinga vår for å vareta dei ytre miljøutfordringane. Så snart dette er på plass lyser me ut den første kontrakten i Rogfast-prosjektet som er for transporttunnelen i Arsvågen, seier prosjektleiar Tor Geir Espedal i Statens vegvesen, på nettsidene deira.
Verdens lengste
Med sine 26,7 kilometer vil Rogfast bli verdas største undersjøiske vegtunnel. Prosjektet har ei kostnadsramme på 16,8 milliardar kroner.
– Me har ei målsetting om å lyse ut dei neste fire store kontraktane i løpet av 2017 og 2018, seier Espedal.
Planen er at dei første bilistane kan ta tunnelen i bruk i 2025/26.
Utfordrande
– Bygginga av ein så lang undersjøisk tunnel er utfordrande, med mange tekniske utfordringar. Ei av desse er toplanskrysset under Kvitsøy. For å sikre god ventilasjon skal me sprenge to ventilasjonssjakter frå Kvitsøy og ned til begge tunnelløpa, forklarer prosjektleiaren.
Ventilasjonssjaktene har ein diameter på 10 meter, og begge skal ned 250 meter frå Kvitsøy.
Stor dag
– Ein stor dag for eit heftig prosjekt. Rogaland blir no bunde saman til eitt fylke, med felles bu- og arbeidsmarknad. Avstanden mellom Haugesund og Stavanger, samt Bergen – Stavanger blir kutta med 40 minuttar. No er eg veldig nøgd med å kunne avslutte ei av sakene som har følgt meg heilt sidan eg blei politikar, og som kjem til å bety mykje for veldig mange menneske, seier stortingsrepresentant Arve Kambe frå Høgre til Tysvær Bygdeblad.