Nær fjorden, Dragavika, byen Haugesund, Frakkagjerd og ikkje minst ein oase der det i dag er nærast urørt mark.
Nå skal dette forvaltast av tre store aktørar. Tysvær kommune, Block Watne og Berge Sag.
Målet, eller draumen, er at det skal komme bustadar der. Mange bustadar, så mange at Tysvær si trong for framtida er sikra. Planane er etter kvart blitt konkrete og viser både fortetta bustadfelt, og bustadområder der både omsyn til natur, og heilskapen i området er tatt omsyn til.
Nå er dette framleis på planleggingsstadiet, og det er viktig å merke seg. I første omgang snakkar ein om 100 einingar. Oppstart med graving i området kan skje allereie til neste vinter. Går alt etter planen kan det vere muleg å starte på dei første grunnmurane året etter.
Men dette er bare starten, for her er det store visjonar for framtida. Og som vanleg i slike visjonar er det viktig at all infrastruktur er planlagt, og godkjent før ein startar opp. Og i dette området er det mykje som ikkje er på plass.
Hovudutfordringa i fase ein er Frakkagjerdvegen. Det er eit vegstykke som nå har begynt å nærme seg ein godkjent plan. Likevel er det eitt vegstykke som det virke som dei fleste både i kommunen, og fylket, ikkje vil ta i med tang. Det er dyrt og det er vanskeleg.
Heldigvis er det fortgang på dette nå. Politisk har det lenge vore sterkt fokus på dette området, men det viser seg vanskeleg når ord skal bli til handling. Det vil vere direkte politisk uforsvarleg å starte opp noko som helst på Skeiseid, om ikkje ein har komme lengre i planane for Frakkagjerdvegen.
Samstundes må ein tenke større og lengre fram i tid. Skal Skeiseid bli byen ved fjorden må det heilt andre vegsystem til enn det som finst i dag. Då snakkar me om veg på sørsida av Aksdalsvatnet med grein til ny E39 og næringsparken.
Det er kjekt å høyre både folk frå administrasjonen og i det politiske Tysvær ha slike idear. Når ein skal bygge by, må ein våge å tenke stort, men samstundes ha begge beina godt planta på jorda. Skeiseid er ein mulegheit for Tysvær mange andre kommunar bare kan misunne dei.
Av og til er det freistande å leike seg på teiknebrettet først. Lage visjonar, som det verken er pengar eller godkjenning til å utvikle.
Å få utvikle ein bydel slik som dette er ikkje noko Tysvær aleine kan bestemme. Ein må gå mange rundar, og då må sakspapira vise ein framsynt kommune, med edruelege planar. Det er langt fram, men nå høyrer me faktisk lyden av ein gravemaskin i det fjerne. Det har godt samarbeid mellom utbyggar og Tysvær kommune sørga for.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør