Redaktør Alf-Einar Kvalavåg ser fram til å snakke med Kari Hilde Hodne French om boka hennar «Dødsdømt i Kongo; kampen for friheten». 
Foto: Mona Terjesen
Demostrantane var godt synlege på utsida av Festiviteten. Dei hadde møtt opp frå heile Tysvær.

– Fantastisk å få komme til Tysvær

Sverre Skjold er godt kjent i Tysværtunet. Aller best kjent i buldre- og klartreveggen. Ofte har hatt sett kunst på veggene, og tenkt tanken om at ein dag… 16. juni er den dagen.

– Har klatra ein del der inne ja, gliser Sverre Skjold. Multikunstnaren frå Rossabøskogen i Haugesund er eigentleg karmøybu, men altså svært glad i Tysværtunet. Nå lar han klatreskoa ligge heime, og tar med seg eit knippe bilete til årets Midtsommarfestutstilling.
– Det har vore ein hektisk periode for meg med eksamen for 3. klassingane mine på media og kommunikasjonslina på Vardafjell vgs., og med innramming og ferdigstilling av bileta. Dei siste kom i posten i dag, og eg er godt nøgd. Eg viser fram fleire teknikkar under utstillinga, og dette gir eit godt bilete av kva eg jobbar med nå, seier Skjold.

Snill mann
Sverre Skjold har tidlegare hatt utstillingar kor han har ville fortelje mykje. Av og til litt for mykje, skal ein tru han sjølv.
– Var ein periode kor eg hadde ein del bilete som skulle provosere og skape debatt. Dei står her, seier han og ler høgt.
Bileta er plassert i noko som kan minne om eit arkiv, men står likevel i sterk kontrast til det som skal på veggen nå.
– Eg har dette her som er i stort format og skal være hovudbilete i Tysværtunet. Så har eg ein del mindre portrett, og bilete av fuglar. Alt saman har eg laga her heime det siste halvanna året.
– Ikkje mykje sint ung mann her, Skjold?
– Nei, snill mann nå, seier han med eit stor flir.

Det går nok bra
Det er nå halvanna år sidan han blei spurt om å vere MSF-utstillar. Ein glitrande idé tenkte han då.
– Ja, huff. Husker det var stas å bli spurt, og det var jo så langt fram i tid. God tid til både planlegging og arbeid med bileta. Men så gjekk dagane, dei blei til veker og månadar. Jobben som lærar tok mykje tid, og plutseleg var det juletider i fjor. Då vakna eg og tok til for alvor. Var lenge igjen også då, og eg kosa meg. Men så blei det påske og ting var slett ikkje så ferdig som eg hadde håpa. Difor sende eg «kånå» og ungane til fjells, og blei kunstnar på heiltid. Det er eg glad for nå, seier Sverre Skjold, og viser eit av fuglemotiva, som er laga med fine pennestrekar.
– Kva er største skilnaden på desse bileta og dei du har laga før.
– Nå er målet å trekke folk til bileta. Få dei til å studere dei og finne noko dei likar. Eg er blitt mykje tryggare både på strek og komposisjon enn det eg var før. Eg meiner også at fargebruken er blitt betre, så eg ser at eg har klart å utvikle meg. Dette store bilete, samt det store som heng i Sysco Arena er bilete eg har brukt fleire år på å lage. Mitt problem er at eg «aldri» blir heilt ferdig med dei. Flikkar litt her og der, seier 45-åringen.

Starta i -91
Sverre Skjold er på ingen måte ein typisk kunstnar, men kanskje typisk for den gruppa som driv med kunst, og som har ein jobb ved sida av. Inspirasjonen fekk han ein sommardag i 1991. På Stord, på lærarskulen, på det han kallar formingslinja.
– Eg likte godt det miljøet som var der, og det lokka fram det kunstnarfrøet eg hadde i meg. Det blei ein slags livsstil og eg «fann» mange kjende kunstnarar i litteraturen og undervisninga me hadde. Desse har inspirert meg, og eg er ikkje redd for å seie at eg har latt med inspirere av mange gjennom tidene. Så har det gått litt i bølger. Eg har hatt nokre utstillingar, blitt kjøpt opp, og nå altså blitt invitert til Midtsommarfesten. Det ser eg veldig fram til. Det skal samstundes vere ei fotoutstilling der, seier Skjold.

Opninga
Det blir nok meir enn det skal du sjå, for utstillinga er opninga av heile Midtsommarfesten 2017. Ordførar Sigmund Lier deltek, og står for den offisielle opninga, Svein Ola Herstad skal spele og det blir tid for mingling i galleriet.
– Det høyres heilt fantastisk ut. Eg likar godt å treffe på folk når eg har utstilling, så dette blir kjekt. Velkommen skal i alle fall folk vere, avsluttar Sverre Skjold.
Det er Tysvær kunstlag og Midtsommarfestkomiteen som står for arrangementet som sjølvsagt er gratis.

Midtsommarfest 2017

Fredag 16.juni:
Klokka 18.00:
Ordførar Sigmund Lier opnar Midtsommarfest 2017 og kunstutstilling
v/Sverre Skjold og fotoutstilling og v/Curtis Callaway frå Texas.
Musikk v/Svein Olav Herstad.
Arr: Tysvær Kunstlag og Midtsommarfestkomiteen