Erlend Blikra, Einar Lode, Håvard Blikra og Sven Erik Bystrøm på jakt etter Lars Granberg på Frakkagjerd. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Erlend Blikra, Einar Lode, Håvard Blikra og Sven Erik Bystrøm på jakt etter Lars Granberg på Frakkagjerd under Hårfagrerittet for noen år siden. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

– Du treng ei skikkeleg utfordring

Sykkel og Tysvær er blitt eit omgrep som viser styrke. 18. juni kan ein på ny ta ein runde og tråkke i dei fantastiske løypene på Nedstrand. Garantert ein kamp mot klokka, naboen og deg sjølv. Og i år kan du måle krefter mot sjølvaste Lars Granberg.

Sykkelrittet som går over haug og hammar, i og rundt idrettsanlegget på Hindervåg er blitt meir enn berre ein konkurranse. Det er blitt ein folkefest for heile bygda, og bygdene rundt, men også for stadig fleire terrengsyklistar. For her er det ikkje asfalt, men sykling i så ekte natur som det er muleg å oppdrive.
– Folk har blitt utruleg engasjerte i dette. At me har klart å lage eit ritt som er i og rundt idrettsanlegget, er noko av suksessen. Uansett, det meste handlar om den fantastiske naturen me har her inne. Det er ein sykkeltur som me unner alle, seier Dag Tormod Milje i arrangementskomiteen til Nedstrand IL, og Hjulryttarkompaniet.
Han kan også stadfeste at vår aller beste lokale terrengsyklist, Lars Granberg stiller til start.
– Det kan eg. Endeleg passa det for han, og det er me glade for.

Mange val
– Korleis har responsen vore etter at ein kom med alternative trasear som «Folkerunda»
– Me oppdaga at mange hadde fått nok etter 25 kilometer. Derfor begynte me å planlegge ein runde som me etter kvart døypte «Folkerunda». Den er på 26 kilometer og passar for svært mange syklistar. Ein kan stoppe og ta ein pause, og nyte den storslåtte naturen. Kort sagt – meir folkeleg enn den ruta kan det ikkje bli, og det har mange satt stor pris på. Me håper at mange av dei som er litt skeptisk til hovudrittet vel å melde seg på der, seier Milje.
Dermed blir det som i fjor mykje å velje i for syklistane. Før sjølve rittet startar er det «Barneritt», som har start, passeringar og målgang i Hinderåvåg ved bygdahuset. Så er det sjølve hovudrittet BBNR NedstrandRittet (38,5 km), BBNR Folkerunda (26 km), BBNR Ungdom (16 km) og ikkje minst BBNR Barn (ca. 500 m og 1,5 km).
Sykkel og natur
Bike Brothers NedstrandRittet(BBNR) har etablert seg som eit av dei mest utfordrande terrengsykkelritta på Vestlandet. I rittet blir det meir enn god nok anledning til å ta seg helt ut i 38,5 intense kilometer.
– Det er den same traseen som i fjor. Me hadde i fjor eit par uhell inne på Helgeland i ein krapp sving, så der må me ha litt meir fokus i år. Så har me gjort små grep i eit par av dei våtaste partia, men totalt sett er det den same løypa, seier Milje.

Trivast
Som tidlegare år blir det også sykkelløp for dei yngste barna. Arrangøren har dei to siste åra fått god tilbakemelding på ungdomsrittet. Det blir gjentatt i år i same trasé.
I tillegg fortel arrangørane at det er både løp med og utan tidtaking for dei yngste.
– Kva er største utfordringa til arrangøren, Milje?
– Det er for det første å lage til eit arrangement på Stadion som gjer at folk blir der heile dagen og kosar seg. Syklistane er innom fleire gonger og med speakerteneste er det lett å ha oversikt. Så skal syklistane trivast og det er sjølvsagt viktig. Me har eit stort korps med frivillige som gjer ein fantastisk jobb. Dei skal på plass. Men det må vere ein del som melder seg på og som vil vere med. Dette er eit ritt alle klarer å fullføre om dei berre er psykisk motivert for det. Det går ann å ta det me ro, ta runde for runde og ha delmål. Dette er ein sykkelfest.
– Og garantien, den er som vanleg???
– At dette er ei oppleving for livet i fantastisk natur.

MSF

Søndag 18. juni:
Nedstrand i Hinderåvåg ved bygdahuset.
Barneritt kl. 11:
12.00: Bike Brothers NedstrandRittet.
Bike Brothers NedstrandRitttet 2016 tilbyr:
BBNR NedstrandRittet( 38,5 km)
BBNR Folkerunda (26 km)
BBNR Ungdom (16 km)
BBNR Barn (ca. 500 m og 1,5 km)
For informasjon: www.bbnr.no.