Lars Røthe og Johannes Støle håper mange har tid og lyst på ein lunsjkonsert under Midtsommarfesten. Aksdal kyrkje er staden for konsertane.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Lars Røthe og Johannes Støle håper mange har tid og lyst på ein lunsjkonsert under Midtsommarfesten. Aksdal kyrkje er staden for konsertane.

Variert sommarlunsj

I år blir det lunsjkonsert i kyrkja kvar dag under Midtsommarfesten. Variert meny, kan ein trygt seie.

– Det var ein idé som Greta Elverhaug hadde, og som me alle tente på. Difor har me i år eit variert og spennande lunsjprogram å by på under Midtsommarfesten. Her er det musikk for einkvar smak. Dette skal vere eit gratis lågterskeltilbod, kor ein skal kunne svinge innom i kyrkja, sette seg ned, og lytte til musikk, seier Lars Røthe.
Han og Johannes Støle er kyrkja sine utsendte, og fortel ivrig om programmet som nå er på plass.
Det er byd opp om det musikklivet som er i kyrkja, og det betyr alt muleg, frå kor til orgelkonsertar. I tillegg er det fleire flinke songsolistar som nå skal underhalde eit forhåpentlegvis sommarstemt publikum. Sjølv skal me spele om tysdagen, og då blir det musikk frå mellom anna OL på programmet. Eg har med meg synt og piano, Lars har trommemaskinen sin. Det blir stilig, smiler Støle.
– Trommemaskin, Lars? Det må du forklare.
– Det er ein Handsonic som har omlag 600 lydar. Dette i ein liten boks, som er lett å ta med seg. Så gjeld det å finne trommelydar som passar til kvar enkelt låt. Kjekt, stilig, og lettvint for ein trommeslagar, seier Røthe som er kjent mellom anna frå vokalgruppa «Embla».

Første gong
Kyrkja tar sats og prøver seg på ei heil veke.
– Dette er 1. gongen me gjer noko slikt. Trur me har funne eit konsept det er rom for under ein slik fest som Midtsommarfesten er. Det å kunne møtast i kyrkja, ta ein matbit, slappe av og lytte til musikk er noko alle burde prøve. I ein travel kvardag er dette balsam, seier dei to musikarane, og inviterer alle som ein til kyrkjelunsj.
– Dette var ein idé som mange av dei tilsette tente på. At me får med oss kora «Glásang» og «One Way» er ekstra stas. Me legg opp til ei veke kor folk skal kunne komme innom og oppleve både kyrkjerommet, og dei som jobbar her, som ein del av kulturlivet i Tysvær. Mange av dei som skal opptre kjenner nok folk frå før, men det blir nok plass til litt overraskingar også. Me gleder oss i alle fall, seier kyrkjeverje Eva Birkeland.

MIDTSOMMARFEST I KYRKJA

Fredag 16. juni: Stein Johannes Kolnes (orgel)
Bryllupsmusikk

Lørdag 17. juni: Gla’sang, Lars Røthe (perkusjon), Johannes Støle (tangentar)

Måndag 19. juni: Greta Elverhaug (song), Kjersti Hjelmervik Lofthus (fløyte), Bergfrid Seibt (klaver og orgel):
Musikk av Bach, Mendelssohn, Debussy, Satie og Peterson-Berger

Tysdag 20. juni: Lars Røthe (perkusjon), Johannes Støle (tangentar)

Onsdag 21. juni: Stein Johannes Kolnes (orgel)
Norsk orgelmusikk frå romantikken

Torsdag 22. juni: Ungdommar frå Tysvær, Marit Sofie Teistedal Vikre, Bergfrid Seibt (klaver)

Fredag 23. juni: One Way, Øystein Østebøvik
“Glad” musikk frå ulike sjangrar for kor, instrumentalsolistar og band

Lørdag 24. juni: Ingrid Hustoft Landro (song), Stein Johannes Kolnes (orgel)
Norske folketonar og musikk av Grieg og Ellington