Tilfellet Skjold a-lag

Fotball er framleis det viktigaste av det uviktigaste her i verda. 4. divisjon er ikkje heilt der oppe sjølvsagt, og medienes lamper tennast og slukkast rimeleg fort.

Det betyr likevel ikkje at det har ein verdi for lokalsamfunnet at Skjold i desse dagar på nytt leverer så det held på dette nivået som er toppen av breiddefotballen i Noreg.
I ei tid der Brann leiar serien, og landslaget slit med å vinne kampar, sjølv med 1,5 tysværbuar på laget, kan det vere verdt å bruke nokon linjer om tilfellet Skjold a-lag.
Talentfulle ungdommar som har imponert over mange år er grunnstammen i det laget som i fjor imponerte og kjempa om opprykk. I år skulle det bli tøft med toppa 4. divisjon og mange gode lag. Nå er me snart halvvegs og Skjold er nummer to.
Suksessfaktorane i Grinde er mange, og ingen skal seie at dei har komme lett. Som i alle andre breiddeklubbar er det kamp om både pengar, treningstider og merksemd. På toppen av denne aktiviteten har me altså desse talentfulle gutane, trenar Håkon André Waage og eit rimeleg stort og godt støtteapparat.
Å forvalte denne gruppa med spelerar er ikkje så lett som det kan høyrast ut. Det er slett ingen A4-gjeng, men enkeltspelerar som har trong til å vise seg fram. Det er positivt og negativt i same sekund. Men her har klubben over tid vist at vaksne støttespelerar har hatt ei svært viktig rolle. Rundt dei då dei var yngre og tusla rundt i barnefotballen, litt eldre i Norway Cup, og nå på kunstgras rundt om i heile Rogaland. Støtteapparatet i og rundt laget har vore ein beskyttande vegg. Dei får ikkje poeng på spelarbørsen eller festtalar. Dei fyller sine flasker, vaskar sveitte drakter og tar ein telefon når ein eller annan spelar har glømt seg ut, og ikkje møtt.
Eg har vore i fotballmiljøet sidan eg var seks år. Har vore leiar i ein klubb lik Skjold, spelt mange kampar, og også vore dommar. I tillegg har eg sett «ein del» kampar som journalist. Slik sett har eg eit visst grunnlag for å kunne påpeike at det som skjer rundt Skjold sin sportslege suksess i 4. divisjon like mykje handlar om dei rundt, som å bare isolert sjå på prestasjonen i 2 x 45 minutt. Joda, spelerane må prestere, men det er liten tvil om at den støtta dei får driv dei vidare. Og det er ikkje bare kos. Det er høgt under taket når det gjeld tilbakemeldingar. På ein måte blir det eit litt elsk-hat forhold mellom ivrige støttespelerar og like ivrige spelerar.
Trenaren skal også ha sin del av skrytet. Håkon André Waage er spesiell, på ein svært positiv måte. Han er med på «alt» og lar aldri ei utfordring stoppe ein god idè. Det gjeld på fotballbanen, og det gjeld som arrangør av mellom anna «Steinsvikrittet». Det boblar over, frå han møter i klasserommet om morgonen, via trening og til andre aktivitetar på kvelden.
Muleg at det å vere eit topplag i 4. divisjon avdeling 2 ikkje hamnar i historiebøkene, men det ein opplev med tilfelle Skjold a-lag for tida, er verd å stoppe opp med. Det er samspel, knallhard jobbing og mykje kjærleik.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør