Asfalterer E134-rampar

Sundag kveld startar arbeidet på av- og påkøyringsrampane ved E134 Raglamyr/Skåredalen.

Arbeidet startar sundag kveld klokka 22:00 og varer til 05:00 måndag. Når arbeidet pågår blir rampane stengt, men det er skilta omkøyring. De andre dagane begynner arbeidet klokka 21:00.
Det første som skjer er at den gamle asfalten blir frest vekk.

Her blir det asfaltert:
· Avkøyringsrampe frå E134 til fylkesveg 938 Ørpetveit/Skåredalen, retning Haugesund.

· Påkøyringsrampe frå fylkesveg 938 Ørpetveit/Skåredalen, retning Aksdal

· Påkøyringsrampe frå fylkesveg 938 Ørpetveit/Skåredalen til E134, retning Haugesund

· Avkøyringsfelt frå E134 til fylkesveg 938 Ørpetveit/Skåredalen, retning Aksdal

– Som alltid når vi asfalterer er vi avhengige av vêret. Går alt greitt treng vi ei veke på jobben, seier byggeleiar Bjørn Andersen i Statens vegvesen.
Når asfalteringa er ferdig blir vegen merka og sinusfrest, det vil seie at det blir frest ned riller i asfalten. Desse gir vibrasjon i bilane viss dei krysser midtlinja.