Leiar i NAV Marknad Nord-Rogaland Elisabeth Lie Nilsen.
Leiar i NAV Marknad Nord-Rogaland Elisabeth Lie Nilsen.

Arbeidsløysa går stadig nedover

Arbeidsledigheita går stadig nedover. No står berre 2,3 prosent i Tysvær utan jobb.

Alle kommunane i denne enden av fylket har lågare arbeidsløyse enn Rogaland i snitt.
– Tradisjonelt sett pleier ledigheita å stige litt frå mai til juni, så me hadde forventa ei lita auke no, men i staden går talet ned denne månaden. Det er me veldig fornøgde med, seier Elisabeth Lie Nilsen i NAV.
Bra i Tysvær

I nord-fylket er det no totalt 124 færre heilt arbeidsledige – og 111 færre på tiltak. Dei fleste kommunane i vårt distrikt har no omlag 30 prosent lågare arbeidsløyse enn på same periode i fjor.
– Om me samanliknar med førre månad, så er dette altså ein samla nedgang på 235 personar på éin månad. Tysvær, Karmøy og Haugesund har særleg stor nedgang i ledigheita. Dei andre kommunane ligg litt etter, fortel Nilsen.
Slik ser oversikta ut:
Haugesund: 4,3% bruttoledigheit
Vindafjord: 4,1% bruttoledigheit
Karmøy: 3,8% bruttoledigheit
Bokn: 3,3% bruttoledigheit
Sauda: 3,2% bruttoledigheit
Tysvær: 2,3% bruttoledigheit
Suldal: 1% bruttoledigheit
Utsira: for lågt tal

Bør ta fagbrev
Rogaland har samla sett 4,6% bruttoledigheit i juni, og igjen er altså alle kommunane i nord-fylket under fylkesgjennomsnittet.
– Det er bra tilgang på offentlig utlyste stillingar, ei lita auke frå i fjor. Me har også mange oppdrag som blir meldt inn direkte til NAV, og desse er godt fordelt på fleire bransjar, seier Nilsen.
– Har du eit tips til dei som framleis står utan jobb?
– Det er framleis stor etterspurnad etter fagbrev i fleire av bransjane. Det er verdt å merke seg for dei som har lang fartstid i yrket sitt, men aldri har tatt det. Dei bør få vurdert kompetansen sin, for ofte er det kort veg for dei til eit fagbrev. Det er framleis få stillingar i olja, men det er fleire ingeniørjobbar ledige no enn tidlegare. Desse er stort sett landbaserte jobbar her i nord-fylket.

Langtidsledige
Trass i at situasjonen på arbeidsmarknaden sakte med sikkert betrar seg, er NAV bekymra for dei som har vore lenge utan arbeid.
– Ja, langtidsledigheita er vår store bekymring. Det er framleis mange godt kompetente folk med erfaring frå oljebransjen som slit med å få jobb på land og i nye bransjar. Me håper at bedrifter på land i økt grad våger å satse på desse i tida framover. Me oppfordrar bedriftene til å ta kontakt med oss for å få formidla denne typen arbeidskraft. Det er også stor etterspørsel etter ingeniørar fleire andre stader i landet, så fleire vil nok framleis måtte sjå etter jobb andre stader. Men alt i alt må eg seie at det ser lysare ut på arbeidsmarknaden. Det er ein veldig god følelse å gå inn i feriemånadane med, avsluttar leiar i NAV Marknad Nord-Rogaland, Elisabeth Lie Nilsen.