Kinosjef Øystein Simonsen er svært fornøyd med 2016 og gleder seg til året som kommer. 
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Randi Rettedal ønsker å fortsette som listetopp for Tysvær FrP i neste periode.

– Kos dykk, og bruk rampen

Fleire har lurt på kva rampen som går ut i Bongsatjørn er, og kven som kan bruke den. Den skal gi bevegelseshemma og dei i rullestol høve til å stikke tåa i vatn.
Rampen er eit prosjekt LHL fekk midlar til gjennom Extrastiftelsen.

– Extra ekspress gav oss 30 000 kroner til «Dypp foten-rampen», Håland og Karlsen bygde den, mens Vepro og Tysvær kommune saman med oss har gjort dugnad for å få den på plass og klar for bruk, fortel Tove Høgemark som er leiar i Tysvær LHL.
Ho håpar at den skal bli mykje brukt.
– Kos dykk, og bruk rampen, seier Høgemark og legg til at det vil bli ei markering ved rampa over sommaren.
Ideen bak rampen var at også bevegelseshemma og dei i rullestol kunne få kjenna gleda ved å stikke tåa i vatn.
– Målet vårt er å få sette ein gapahuk i nærleiken, som saman med benkene vil bli ein plass alle kan ha glede av. Me søker igjen, og gir oss ikkje så lett, seier Høgemark.