Ikkje sidan Eirik Verås Larsen tok OL-gull i 2012, har Norge konkurrert i ein finale i ein seniormeisterskap. Men i helga var det Lars Magne Ullvang (22) og Hakeem Teland (19) sin tur i Plovdiv Bulgaria. Dei to padla K2 500-meter og fekk hard konkurranse.
Under det innleiande heatet enda dei på ein sjetteplass, men så klarte dei eit mykje betre løp i semien, der dei padla inn til ein tredjeplass.
– De plasserte seg som nummer 4-5 etter halvpadla løp. Med 200 meter igjen sette dei inn sluttspurten og låg ann til ein andreplass, men med 100 meter igjen gjekk gutane tom for krefter, og enda til slutt på tredjeplass. I finalen hadde dei god rytme i starten, og i sluttspurten kjempa dei om ein plassering midt i feltet. Dei kom i mål på sjuandeplass, etter eit godt gjennomført løp, fortel trenar i TKKK Lavrans Eikje.
Ungarn vann EM-finalen, og sette ny verdsrekord på distansen.
I løpet av denne veja skal Padleforbundet bestemme om duoen Ullvang og Teland skal konkurrere i U23-VM i Romania om halvanna veke, eller om dei skal fokusere på Senior-VM i Tsjekkia i slutten av august.