Det var over 20 grader då Bygdebladet besøkte Dragavika i ettermiddag.
Det var over 20 grader då Bygdebladet besøkte Dragavika i ettermiddag.

Endeleg sommar!

Omsider kikka sola fram, og folk strauma til Dragavika i ettermiddag.

Mathilde (7) og vennene hennar koste seg i vasskanten i Dragavika.

– Me har funne ei bitte lita flyndre og mange krabbar, fortel Henrik Andreas (15) og Ole (16).
Dei to er blant mange som koser seg i den flotte Dragavika i solsteiken i dag.
– Herleg med fint vêr og moglegheit til å bade, legg kompis Adrian (14) til. Han er på ferie hos pappaen sin i Tysvær i sommar. Og mens me slår av ein prat med gutane, er Adrian tøff nok til å kaste seg uti vatnet frå ei klippe.

Adrian (14) var tøff og kaste seg uti det kjølege vatnet.

Ole viser fram babyflyndra han har fanga.

Kaldt, men herleg, konkluderer han etter dukkerten.