Framtida handlar mellom anna om turisme, det er alle einige om. Nå utfordrar han resten av det politiske Tysvær til å kjøpe seg opp i destinasjonsselskapet slik at Tysvær også får sitte i førarsetet når denne «gyldne» framtida skal planleggast.
Prislappen slik han vurderer det er 500.000 kroner i aksjar, noko som høyras «billig» ut med tanke på kva eit slik selskap antakeleg vil handsame av mulegheiter i åra som kjem. Det handlar om litt pengar ut, og mykje inn. Det handlar om arbeidsplassar, kulturarv, opplevingar, og som sagt økonomi.
Dette er ikkje noko som kjem ein gong i framtida. Dette er noko som er her allereie, som ligg der og ventar som ein uslepen diamant. Det blir allereie brukt store ord om den «nye» turistflaumen som skyller inn over Vestlandet. Om turistar som står i kø på kvar ein fjellformasjon som stikk seg litt fram, for å seie det slik. Det handlar om suksessen med cruiseturisme i Haugesund, bygd opp gjennom knallhardt taktisk og fysisk arbeid gjennom mange år. Nå får dei betalt. Samstundes skal dei legge til rette for opplevingar i nærområdet, og då snakkar me heile Haugalandet. 10.000-ener skal i buss. Dei skal trygt, kjapt og rimeleg rundt om og oppleve mest muleg medan båten ligg til kai. Dei vil oppleve det unike med Noreg. Om det er vikingar eller naturperler, fysiske eller meir makelege opplevingar så må alt dette kartleggast, planleggast og settast i system. Det er enorme mulegheiter for gevinst.
Den potten vil Tysvær sjølvsagt ha sin del av, men er dei som styrer viljuge til å betale det ein trur er deler av billetten til å få vere med å bestemme.
Eg meiner det ikkje er noko val. Ein kan godt diskutere seg blå i formannskapet, og det kjem dei sikkert til å gjere også, men slike mulegheiter som ein nå ser kan ein faktisk ikkje la gå frå seg. Gjer ein det må ein i alle fall vere så ærlege at ein står fram og seier nei takk i det offentlege rom, slik at innbyggjarar, og om to år veljarar, veit kva me har å halde oss til. Nå har me diskutert Borgøy, Nedstrand, Aksdal, Cleng Persson og Lars Hertervig opp og ned i årevis. Me har lurt på korleis me skal kunne få igjen for at me disponerer slike område og slike historiske personar. «Plutseleg» ligg cruiseskipa der. Ut av morgontåka dukkar det opp bussar proppa med spanjolar og amerikanarar på jakt etter det unike norske.
Nå må me på toget og det raskt. Kva billetten kostar veit eg ærleg talt ikkje, men 500.000 for å vere med der det skjer høyrest ikkje mykje ut.
Me vil ha folk til Himakåna, slusene og Borgøy. Dei kjem berre delvis av seg sjølv.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør