13 år gamle Mads Ronæs frå Førre fekk verkeleg ei fiskeoppleving utanom det vanlege då han var på Camp Villaks i Suldal. Han drog opp ein laks på heile 11,7 kilo.

Mads Ronæs drog opp ein laks på heile 11,7 kilo. Det er rekord i elva i år. Foto: Hans Sæter/Suldal JF

Fekk skikkeleg storfangst

13 år gamle Mads Ronæs frå Førre fekk verkeleg ei fiskeoppleving utanom det vanlege då han var på Camp Villaks i Suldal. Han drog opp ein laks på heile 11,7 kilo.

av Ingvild Rørtveit Myklebust

Tysvær Bygdeblad slo på tråden for å ta ein prat med fiskaren.
– Han står nå nede å fiskar. Vent litt, så skal eg rope på han, seier far Kjell-Arne Ronæs, som kan fortelje at dei er på hytta, og at Mads er mykje ute å prøver fiskelukka her også.

Stritta imot
Laksen Mads fekk målte 107 centimeter, og vog 11,7 kilo. Det er ikkje ei heilt enkel oppgåve å få ein slik sværing på land.
– Det var ekstremt tungt, og den svømte alltid imot. Eg trudde ei stund at eg berre hadde sett kroken fast, fortel Mads Ronæs.
Plutseleg såg han fisken rett framføre seg, eit lite stykke frå land.
– Då var det ein som hoppa uti med håv, og me fekk den på land, fortel Mads.
Han hadde ikkje hatt kroken uti i meir enn fem minuttar før beistet beit.
– Eg kasta over elva, nær den andre sida, og då beit den på. Eg brukte omlag ti minuttar på å få den opp, seier storfiskaren som innrømmer at han var ganske sliten i armane etter at han fekk fisken på land.

Les heile saka i papirutgåva, torsdag

Kjøp avisa her