Det var ikkje rart at fiskeriminister Per Sandberg (Frp) smilte frå øyre til øyre då han gjesta Steinsvik på Frakkagjerd. Der har dei nemleg komme langt i å drepe Sandberg sitt store mareritt.

Det var ein svært intressert fiskeriminister som lytta til Bjørn Apeland. Steinsvik ligg langt framme i kampen mot lus og overfôring i oppdrettsnæringa. Per Sandberg hadde med seg Terje Halleland og Nina Ve Sæbø fra Frp-lista for Rogaland. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

– Dette skal eg ta med meg ut i verda

Det var ikkje rart at fiskeriminister Per Sandberg (Frp) smilte frå øyre til øyre då han gjesta Steinsvik på Frakkagjerd. Der har dei nemleg komme langt i å drepe Sandberg sitt store mareritt.

av Alf-Einar Kvalavåg

Han hadde høyrt om det før, men då Bjørn Apeland drog fram det eine nyutvikla produktet etter det andre, var det ein tydeleg glad minister som nærast jubla over det han såg. Grunnen? Kampen mot lakselusa.
– Eg trur eg drøymer om lus om natta, og når eg kjem til ei verksemd som dette, som tar teknologien i bruk for å stoppe lusa, ja då blir eg først imponert, men også svært optimistisk til næringa si framtid. For det første er dette komme så langt at ein allereie ser positive resultat av både fôringsmetodar, overvaking og lusedreping. At eit norsk selskap, som er etablert i heile verda, ligg så langt framme skal ein vere stolt over. Nei, dette var ein skikkeleg kjekk ettermiddag i Tysvær, smiler Sandberg.

Les heile saka i papirutgåva

Kjøp avisa her