Det er like før mål at det er eit solid «søkk» i dekket. Det går spesielt utover dei som spring i bane 1 og 2. Det skal vere eit røyr som går tvers gjennom bvanen som er problemet.
– Me kjenner til dette og ser nå at det stadig blir djupare. Det er vassrøyr som går gjennom banen, og det er vel grunn til å tru at det er eit av dei som no er i ferd med å kollapse. Me har hatt slike utfordringar tidlegare, mellom anna på grusbanen, seier idrettskonsulent Geir Stakkestad.
– Er dette noko som kan ordnast på ein enkel måte?
– Eg er redd for at me må gjere eit større inngrep for å fikse dette. Elles vil det berre vere ei utsetting av eit større problem. Nå må me avvente litt og sjå kva som skjer på Frakkagjerd, angåande baneutbygging. Men me kjenner til problemet og uansett kva som skjer, så skal dette takast tak i på ein eller anna måte, seier Stakkestad.
Trist
Då Tysvær Bygdeblad var på friidretscupen var det fleire av sprinterane som fekk problem med «søkket» og nærast snubla i mål.
– Trist at det skal vere slik. me har meldt dette inn og håper at nokon tar tak i det, sa arrangørane i friidrettsgruppa til Stegaberg IL.