Så trist – så bra

Tenk deg tanken at du er leiar av eit frivillig lag. Ambisjonane dine er sikkert å gjere ein jobb i klubben – der ungane har eit fritidstilbod. Slik går nå dagan…

I Stegaberg har Ole Bugge-Jensen takka ja til å vere leiar for ei av kommunens større frivillige organisasjonar. Det har vist seg å vere meir enn berre ein dugnad for klubben. For i løpet av kort tid har han fått fleire store saker på bordet sitt.
Verst var det nok då han måndag kveld fekk skrekkmeldinga om at ein ung fotballspelar hadde fått nakkeskade på kunstgrasbanen til klubben. I over ein time jobba ein med å stabilisere guten. Det viser seg nå å heldigvis vere ein jobb med godt utfall.
Men det visste ikkje Bugge-Jensen og Stegaberg IL der og då. Det gjekk ikkje lenge før me fekk dei første meldingane om kor bra klubben løyste den tragiske situasjonen dei hadde komme opp i. I tillegg til kampen som inkluderte eit lag frå Karmøy, var det også ungar på banen ved sidan av. Mange ungar som i løpet av eit sekund fekk snudd opp ned på treningskvelden. Skremte og redde blei dei samla på klubbhuset. Der fekk ein organisert eit opplegg med mellom anna eit team som tok vare på dei alle saman. Eg har snakka med ein far som fortel om ein klubb han er mektig stolt over. Det kan aldri bli perfekt, men det som skjedde, medan helsepersonalet jobba med spelaren, står til toppkarakter, meiner han.
For her kunne klubben komme i ein situasjon kor ungar hadde blitt sendt heim. Kanskje dei ville sagt rett ut kva dei hadde opplevd, eller dei hadde isolert seg på rommet seg med sine opplevingar på «kunsten». I løpet av kvelden kom der lykkeønskingar til spelaren, men ingen let seg freiste av å gå ut med namn eller kven dette var. Samhaldet i klubben var hjartevarmt og unikt. Dette er ikkje noko ein kan trene seg til å bli god til. Ein kan sjølvsagt ha instruksar og planane klare. Men når ein 13-åring ligg på banen med skade i nakken, er ofte handlingsplanane dei siste ein kjem på.
Dagen etter kom klubben ved Bugge-Jensen tidleg ut med oppdateringar til medlemmane. På nytt ei pressemelding. Klar og konsis. Det var ein prega formann og ein prega klubb. Det var som om heile den store fotballfamilien trakk eit samla lettelsens sukk då det ved middagstider tysdag kom fram at det sto bra til med den unge spelaren.
Då var det gledeleg å merke seg at fleire enn meg hadde fått med seg den innsatsen klubben hadde gjort, både med spelaren, og med å informere, ta vare på kvarandre og å lede ein klubb. Det handlar om respekt og her skårar idrettslaget 100 prosent. I frontlinja ein far som kanskje såg føre seg å drive ein klubb gjennom dei vanleg daglege utfordringane. Plutseleg handla det om «liv og død». Det er berre å bøye seg i støvet for innsatsen som blei gjort i nokre av dei verste 24 timane klubben si lange historie.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør