Bilen er ein VW Transporter, med plass til fire brannmannskapar og utstyr til å sette i verk enkle tiltak på skadestaden.
– I tillegg til å kunne vere raskare framme på ein skadestad, representerer den eit løft for tryggleiken for brannmannskapane under utrykking og eit steg i rett retning for beredskapen i indre delar av kommunen, seier brannsjef i Tysvær kommune, Ole-Martin Nordstrand.
Tysvær brannvesen er med i arbeidet til Stiftelsen Norsk Luftambulanse, «Mens du venter på ambulansen». Dette inneber at Norsk luftambulanse gir opplæring til brannmannskapane, for å bli lokale akutthjelparar. Denne beredskapen er meint som eit supplement til dei eksisterande naudetatane i kommunen.
Les meir i papirutgåva på torsdag!