Dei 400 bilettane som blei lagt ut i forkant av arrangementet forsvann raskt, og det var til tider travelt i opplæringsløypa. Med sola glitrande over Hinderåvågen, fekk ein ei flott oppleving ved å suse over med zipline og slenge seg frå tre til tre.
Stifta av Grete Waitz
Aktiv mot kreft har etablert treningsrom for kreftpasientar på norske sjukehus. Treningsromma kallar dei for Pusterom. Her kan brukarane trene, og få rettleiing av fagpersonar. I oktober opnar Pusterommet på Stavanger universitetssjukehus, som det 16. i landet.
– Kreft er ein alvorleg sjukdom, men me har valt å møte den med meistring, aktivitet, energi og håp. Og slik vil me at denne dagen skal vere for dykk, sa Guri Sogn-Larsen i Aktiv mot kreft ved opninga av AKTIVdagen i Høyt & Lavt Nedstrand.
– Me jobbar for at kreftsjuke skal få ein betre kvardag, og med det ønsker me at dei skal få komme i fysisk aktivitet gjennom kreftbehandlinga, heldt Sogn-Larsen fram.
Ho fortalde at dei ønska at AKTIVdagen skulle vere ei motvekt til vaffeldagen og pannekakedagen, og la til at dei håpar at den 23. september kvart år skal heite AKTIVdagen.
– Me jobbar med at det skal bli ein merkedag framover, sa Sogn-Larsen.
Aktiv mot kreft blei stifta av Grete Waitz og Helle Aanesen i 2007.