Stand up komikar Hans Morten Hansen kjem til Tysværtunet i oktober. Det kjem til å bli latterleg bra, seier han. 
Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Stand up komikar Hans Morten Hansen kjem til Tysværtunet i oktober. Det kjem til å bli latterleg bra, seier han.

Latterleg gjensyn med «Game of Hansen»

– Eg hadde det så kjekt i Tysværtunet under eit lukka arrangement at eg bestemte meg på veg ut døra. Hit skal eg tilbake. Og slik blir det.

Ein er ikkje bortskjemt med stand up i Tysvær. Når det nå kjem ein ny komikar til storsalen er det frå øvste hylle. Og han kjem heilt av seg sjølv.
– Arrangementet i vår viste at folk i Tysvær forstår humoren min. Det var utruleg god stemning i salen og eg tenkte raskt at dette må me berre prøve igjen, og denne gongen ope for alle. Eg gir av meg sjølv, meiner eg har ein lun humor, og ikkje minst, eg lar det gå ut over meg sjølv i staden for å rakke ned på andre. Så lenge folk ler og har det kjekt så kjøre me på, seier Hans Morten Hansen.

Suksess
Showet i Tysværtunet er eitt av 51 show som skal gjennomførast før jul. Bak seg har han 30 suksesskveldar i Stavanger. Folk kommer igjen og igjen, og terningkasta i avisene har mange auge.
– Når eg får gode tilbakemeldingar frå dei som har vore i salen, anten undervegs eller etterpå er det viktig for meg. Når eg får terningkast seks er det bra for billettsalet. Så ærleg må me være. Sist eg hadde førestillingar var det 30.000 som løyste billettar. Nok til å gjere ein toppmotivert til å stå på vidare. Nå har 10.000 sett meg i Stavanger og då er det herleg å kunne ta fatt på ein turné saman med lydmannen min. Me er på same planet mentalt, og det er eg glad for, ler Hansen.
– Kva er det med denne Rogaland-humoren som folk er blitt så glad i?
– Først og fremst er me ikkje redde for å ta tak i alt det «galna» med oss sjølv. Mange andre komikarar likar best å snakke stygt om andre, noko eg ikkje har sansen for. Nei, ta deg sjølv. Der har eg mykje å ta av, kan du seie.
– Totalt rundt 80 førestillingar. Betyr det at alt er låst fast i det same manuset?
– Nei, det gjer det heldigvis ikkje. Eg er ein ekspert i å hamne utanfor manus, så det er alltid plass til litt lokal vri og litt oppdateringar om det skjer noko. Eg trur det er viktig at me komikarar klarer å bevise at me er litt oppdaterte, både på det som skjer og kor me er. Å berre stå der å fortelje vitsar, held ikkje i 2017, seier Hansen.
Siddisen som nå bur på Austlandet har allereie vunne to «Komiprisen» og fått svært rosande omtale. Han er også ein del av gjengen som drog i gang Stand Up Norge.

Varierande
– Kva tenkjer du om publikum under ein stand up-kveld?
– Eg ser dessverre ikkje alle i salen på grunn av motlyset. Eller kanskje det er like greit. Men eg høyrer dei. Å vere i Tysværtunet kjem nok til å gå ryddig føre seg. Men eg har vore på stadar kor folk har sovna undervegs, komme igjen neste dag og sovna på same staden i showet. Utan at eg tolkar det dit hen at det er meg det er noko gale med. Men nokre stadar er ein slik kveld den festen dei får den månaden og då skal det festast. Det klassiske er kanskje at det er ein kar i salen som har lyst til å le, men må vente til «kånå» gir klarsignal om at det er greitt. Nei, eg vett ikkje. Folk er så forskjellige, men eg har faktisk opplevd at 199 av 200 i salen lo, medan det var ein som sat der heilt alvorleg, ler Hans Morten Hansen.
Det er kjende Pål Mangor Kvammen som har regien på «Game of Hansen», eit show som skal vare i ein time og tjue minuttar, om Hansen klarar å halde seg til manus då.

– Moro
– Det som er viktig for meg å seie er at dette skal vere moro. Dette er for absolutt alle som treng seg ein god latter. Dei kan le av meg, med meg og med venner. Me skal ha det skikkeleg moro. Får me det like kjekt i Tysværtunet denne gongen som sist, ja då har me mykje å glede oss til alle saman, seier Hansen.
– Er folk flinke til å gi respons?
– Ja, det er dei. Både i salen, men også på sosiale media og på sider kor dei kan melde det dei har vore på. Eg sat ein kveld og leste nokre av desse, og det var kjekk lesing. Eg er tross alt aleine der oppe på scena med eit brennande ønskje om at folk skal ha det kjekt. Når eg treff og folk ler er det utruleg motiverande. Og eg er i alle fall ikkje redd for at folk i Tysvær ikkje skal forstå humoren. Det er nok også dei i salen som kjem til å kjenne seg igjen i det eg snakkar om. Det er kvardagslege opplevingar sett i eit nytt og ustyrteleg morosamt lys. Meiner nå eg då, avsluttar Hans Morten Hansen.