Truls Nordahl i NAV-Rogaland. Foto: Alf-Einar Kvalavåg
Truls Nordahl i NAV-Rogaland. Foto: Alf-Einar Kvalavåg

22 prosent nedgang i arbeidsløysa

Justert for sesongvariasjonar gjekk bruttoarbeidsløysa i Rogaland ned for 10. månad på rad i september.

– Arbeidsmarknaden i Rogaland utviklar seg fortsatt i positiv retning og det vert stadig færre heilt arbeidslause innan alle aldersgrupper og i dei fleste yrkesgruppene, seier Truls Nordahl, direktør i NAV Rogaland.
I Tysvær er nå 83 personar utan arbeid, 20 prosent færre enn på same tid i fjor.
Ved utgangen av september var 8 797 personar heilt utan arbeid i Rogaland. Jamført med same månad i 2016 er dette ein nedgang på 22 prosent. Dette er den største nedgangen av alle fylkene i Noreg. 2 242 arbeidssøkjarar deltok i eit arbeidsretta tiltak i september. Dette gir ei bruttoarbeidsløyse på 11 039 personar, tilsvarande 4,3 prosent av arbeidsstyrka. For eitt år sidan var bruttoarbeidsløysa i Rogaland 5,1 prosent.
– Dei siste åra har talet heilt ledige polske statsborgarar vore på eit høgt nivå i Rogaland. Det er derfor gledeleg at talet heilt ledige polske statsborgarar i september er på sitt lågaste nivå sidan januar 2015. I september utgjer talet heilt ledige med polsk statsborgarskap 977 personar. Dette er ein reduksjon på 30 prosent samanlikna med september 2016, fortel Truls Nordahl.

1 937 ledige stillingar
Det vart utlyst 1 937 ledige stillingar i Rogaland i september, og dette er ein auke på 36% samanlikna med same månad i fjor. Yrkesgruppene med flest utlyste stillingar denne månaden var helse, pleie og omsorg (377), bygg og anlegg (277), og meklare og konsulentar (175).