Gunn Randi Seime (44) frå Førland er tilsett som ny assisterande fylkesrådmann i Møre og Romsdal.
Gunn Randi Seime (44) frå Førland er tilsett som ny assisterande fylkesrådmann i Møre og Romsdal.

Tysværbu ny assisterande fylkesrådmann i Møre og Romsdal

1. januar 2018 byrjar Gunn Randi Seime (44) frå Førland i stillinga. – Eg er stolt og glad for den tilliten fylkesutvalet no har gitt meg, seier Seime.

44-åringen fortel til fylkeskommunen at stillinga heng høgt og ho ser fram til å ta fatt på oppgåva.
– For nokon med min bakrunn er stillinga som assisterande fylkesrådmann, ei av dei mest utfordrande stillingane i Møre og Romsdal. Eg er svært tilfreds med å få denne stillinga. Eg ser at dette vil vere ei krevjande stilling i åra som kjem, men det er ei oppgåve eg gler meg til å ta fatt på, seier Seime.

Brei erfaring
– Seime har solid erfaring frå offentleg sektor, mellom anna frå stillinga som økonomisjef i Møre og Romsdal fylkeskommune. Ho er utdanna Cand.polit. med hovudfag sosialøkonomi ved Universitetet i Bergen, og har brei erfaring frå offentleg forvaltning. I perioden 1999 til 2007 arbeidde ho i Finansdepartementet som konsulent, rådgivar og underdirektør. Frå 2007 til 2011 var ho tilsett som økonomirådgivar i Helse Møre og Romsdal, og frå 2012 har Seime vore tilsett i Møre og Romsdal fylkeskommune. Her var ho først tilsett som budsjettkoordinator, og gjekk etter kvart over i stillinga som økonomisjef. I løpet av denne perioden har ho også gjennomført fylkeskommunen sitt leiarutviklingsprogram, kommenterer Møre og Romsdal fylkeskommune på nettsidene sine.