Bit for bit begynner vegnettet vårt å likne noko.
Og meir er i vente. Om 14 dagar får ein inn anboda på den nye femarma rundkjøringa som skal vere ein slags døropnar for fleire prosjekt i Aksdal.
Gratulantane bør stå i kø etter at Vassbakk & Stol i samarbeid med Tysvær kommune, Aksdal Næringspark og Vegvesenet nå har opna det som lenge har vore ein farleg flaskehals på E39. Med stadig aukande tungtrafikk til og frå blomstrande Aksdal Næringspark, var det gamle krysset for lengst utgått på dato.
Me har fleire gonger, også på leiarplass, hylla slike grep i jobben med trafikksikring. I Tysvær er det heldigvis slik at me har eit politisk miljø som har sett kor viktig arbeid dette er, og kor ofte ein må ta opp dette temaet når samferdselspolitikarar møtest. For dette er ein kamp. Når ein nå endeleg har fått fart på rundkjøringa i Aksdal, berre nokre hundre meter frå Eikeskogkrysset, er ikkje det ei gåve frå myndigheita for at det trengs. Det er etter knallhard jobbing på mange nivå, kor alt muleg har spelt inn. At ein til slutt sit igjen med ein plan som inkluderer ny bussterminal og betre løysingar for både nord- og sørsida av E134 vil på sikt vere ein storgevinst, sjølv om kritikarane meiner det har tatt altfor lang tid.
Det er nå ein gong slik at me får meir erfaring med dette. Det å planlegge for framtida. Politikarar og folk i kommuneadministrasjonen blir bytta ut. Det som var prekært for nokre år sidan, er ikkje like ille i dag. Erfaring må til når nye krav kjem på banen, av og til uvisst av kva grunn.
I ein slik vegslalåm er det viktig at ein har rett fokus, bruker tid og krefter på dei prosjekta som betyr mest. At ein gjer ein grundig jobb med det som er øvst på lista og ikkje berre fyller opp med nye prosjekt.
Når ein ser tilbake på dei viktigaste kryssa som er komme på kartet i Tysvær dei siste åra, så er det ingen som kan tenkje seg tilbake til dei to gamle kryssa i Førre. Eller som ikkje ser gevinsten på Susort, eller kva tryggleik ein har fått med ei stor rundkjøring i Grinde. Det har løfta vegnettet vårt opp og fram.
Så er det ventelista. Førlandskrysset og Slåttevikkrysset. Kan eg få komme med eit lite privat tips, så ville eg også ha fått fjerna utkjøringane i Aksdalsbrekka mellom Aksdal og Frakkagjerd.
Det er berre å gratulere med eit nytt kryss, det var på sin plass, og så krysse me fingrane for at dei som stryrar med slikt i dette landet også står på vidare, ikkje berre i Tysvær men på heile vegnettet i Noreg.
Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør