– Eit svært viktig formål, som me håper at flest mogleg støttar opp om. I barne- og ungdomskommunen Tysvær, sitt me på den grønaste greina. Dessverre finst det andre stader i verda der dei ikkje er like heldige, seier ansvarleg for innsamlingsaksjonen i Tysvær, Ola S. Apeland.
Samfunnsnyttig
Ein av fem ungar i dei ramma områda står utan tilbod om skulegang. UNICEF jobbar heile tida hardt og målretta for å hjelpe desse barna, og unngå at heile framtida deira blir øydelagt som følge av dei vaksne sine krigar og konfliktar. Ungane som skal få utdanning gjennom TV-aksjonen kjem frå Colombia, Mali, Syria, Pakistan og Sør-Sudan.
– Det er så utruleg bra – og viktig at dei får hjelp! All forsking innan bistand, viser at utdanning av unge – og ikkje minst jenter, er det beste verknadsmiddelet for å utvikle samfunnet. Eg håper og trur at denne saka treff mange tysværbuar og engasjerer dei, slik at dei i god Tysvær-and, støtter opp om aksjonen neste søndag, seier Apeland.
– Det er så utruleg bra – og viktig at dei får hjelp!
Stafett-utfordring
Kvart år utfordrar kommunen ulike lag, organisasjonar og foreiningar til å vere bøsseberarar. I år har foreldreutvala på dei ulike skulane blitt utfordra.
– Det har me gjort på grunn av formålet, me synst det var passande å spørje FAU når det er ungar og utdaning som står i fokus, forklarer Apeland.
Det blir også, tradisjonen tru ein ringeaksjon til bedriftene neste veke. Då stiller mellom andre politikarane opp.
– Me gjorde det bra i fjor og håper på minst like godt resultat i år. Det er kjekt å få vere med på denne ringedugnaden, og me håper at bedriftene er generøse i år og ser kor viktig formål me samlar inn pengar til, seier Apeland, og innrømmer at trass i at undertonen er djupt alvorleg, koser dei seg med ein aldri så liten intern konkurranse mot dei andre kommunane.
TV-aksjonen
TV-aksjonen er ein årleg, riksdekkande norsk innsamlingsaksjon til veldedige formål, som har blitt arrangert sidan 1974.
Aksjonen blir arrangert av NRK i samarbeid med utvalde organisasjonar.
Rundt 100.000 bøsseberarar går frå dør til dør og samlar pengar denne dagen, i tillegg blir det gitt pengegåver direkte. Det er også tradisjon å ha ein direktesendt auksjon på tv. Målet er at alle husstandar skal få besøk.
Aksjonen blir arrangert ein søndag i oktober kvart år. I år skjer det 22.oktober klokka 16.00-18.00.
Formålet blir kvart år bestemt av eit innsamlingsråd i NRK. I år er det UNICEF sitt arbeid for å gi utdanning til ungar som er ramma av krig og konflikt, som får aksjonen.