Det gamla er eldst

Haugalandet er eit eldorado for folk som er opptatt av det som har skjedd for lenge sidan. Og til lengre bakover i tid ein grev, bokstaveleg talt, til meir spennande blir det.

av Alf-Einar Kvalavåg

Difor var det mange som glisa litt lurt då Beep & Dig – Haugalandet Metallsøkerklubb denne veka la ut på nettet at dei hadde gjort eit sjeldan funn på ein hemmeleg stad i Tysvær. Funnet frå Vikingtida er spesielt, og nå overlevert det historiske miljøet knytt til Norvegen historiesenter på Avaldsnes.
Avaldsnes er blitt ein stad kor mange frå vår kommune har tatt turen med jamne mellomrom. Historie er spennande og nærhistorie heilt spesielt for svært mange.
Om kort tid kjem eit nytt «Vingespenn», boka frå Tysvær historielag. Populær er den også, med godt dokumenterte saker frå vår kommune. Om boka ikkje går tilbake til Vikingtida og der om kring, så er all historie på sett og vis noko som stadig fleire vil lære meir om.
Det har lenge vore kommersiell suksess på utanlandske fjernsynskanalar å ha historiske program. Så dette er på ingen måte upløgd mark. Difor er det berre å stille seg i køen av dei som forventningsfullt nå ser fram til eit nytt «Vingespenn».
For kort tid sidan sto eg bak ein gjeng skuleelevar som var på besøk i Tysværtunet. Dei hadde samla seg ved glasmonteret. Med store auge sto dei å kikka på den historiske utstillinga. Dei er ikkje dei første, og slett ikkje dei siste som kjem til å stå der å undrast over korleis ein hadde det før.
Og i lokala til biblioteket like ved skal ein nå første laurdagen i kvar månad få hjelp til slektsgransking. Fasinerande det også. Eg fekk personleg overlevert mitt eige stamtre i sommar, og må innrømme at det blei nokre timar med undring og gransking av det som kom fram.
Me har heldigvis det genet i oss dei aller fleste av oss. Dette med å ville lære om det som har skjedd før, prøve å sette det inn i ein samanheng, som kanskje gir oss nokre svar på kvifor ting er som dei er.
I Tysvær har me ei rik kulturhistorie, langt meir rik enn det fattige Tysvær ein har høyrt om i frå gamal tid. Eg trur ikkje eg i farten kan komme på ei bygd eller ein tettstad kor det ikkje ligg ei eller anna kulturarv. Enten via folkemunne, eller fysisk oppe i dagen. Og det som er flott er at det stadig dukkar opp nye personar som brenn for dette. Som har funne alt frå «Amerikastein» i Aksdal, til både tollbod, bustadar, historiske reiser og spor etter næringsliv frå gamalt av.
Til saman gjer dette at me stadig kan gå på jakt etter historiske hendingar, med eller utan metalldetektor. Kanskje kan me lese om det i «Vingespenn» eller hos oss i Bygdebladet. Målet må uansett vere at også ettertida får høyre om korleis det var den gongen då…
For det er som dei seier i uttrykket dei gamle er eldst. Det gjeld også historiene.
God jakt på historiske skattar.

Alf-Einar Kvalavåg
Redaktør