– Dokker er kjempeflinke og får utruleg mykje bra til, rosa Apeland idet han klippte snora.
Varaordføraren la etterpå til, at det er mykje fokus på sjukeheimsplassar i politikken, men at den hjelpen og behandlinga som skjer i heimen dessverre får mindre fokus.
– Det er så lett å bli passiv som gammal, så slike tiltak som dette er utruleg viktige, kommenterte han.
Personlege mål
Kvardagsrehabilitering er eit tilbod med trening og støtte, til folk som har behov for det, slik at dei skal kunne takle kvardagen betre.
– Eit rehabiliteringsteam vil vegleie og støtte deg i å utføre kvardagslige aktivitetar sjølv, i staden for å gjere det for deg. Dette føregår heime hos deg og i ditt nærområde i ein periode. Din heim har optimale føresetnadar for opptrening, for der kan du bevege deg innanfor kjente omgivnadar. Du sett dine eigne mål, med utgangspunkt i kva som er viktige aktivitetar for deg personleg. Det kan vere å for eksempel dusje og kle på deg sjølv, handle og lage mat, gå tur med hunden, ta opp igjen hobbyar eller sosiale aktivitetar, forklarer aktivitetskoordinator Tove Rullestad.
Viktig eigeninnsats
Det nye teamet til Tysvær er tverrfagleg, og består av fysioterapeut Signe Elisabeth Endresen, sjukepleiar Hilde N. Hundsnes, helsefagarbeidar Synnøve H. Ramstad og aktivitetskoordinator Tove Rullestad.
– Treninga blir gjennomført saman med dette rehabiliteringsteamet og er tilpassa slik at du i tillegg kan trene på eiga hand, saman med familie eller venner. Målet med kvardagsrehabiliteringa er at du skal kunne ha ein aktiv kvardag og klare deg mest mogleg sjølv. Me har eit sterkt ønske om at du skal nå måla dine, kommenterer Rullestad.
Og for at det skal kunne skje, må også den som får hjelp, gjere ein innsats sjølv.
– Det er viktig at du prøver å gjere aktivitetar på eigenhand, og ikkje tar imot hjelp til gjeremål som du klarer sjølv. Dette er god trening, og viktig for å oppretthalde ferdigheiter og ei god helse, avsluttar aktivitetskoordinator Tove Rullestad
Kvardagsrehabilitering:
– Kvardagsrehabilitering inneber at ein startar med spørsmålet: «kva er viktige aktivitetar i livet ditt no?»
– Målretta og intensivt fokus på kvardagsaktivitetar som personen sjølv tillegg betyding
– Tidlig, tidsavgrensa innsats i personen sin heim eller nærmiljø
– Styrka involvering og samhandling mellom ergo- og fysioterapeutar, og personell i heimetenestene
– Meir sjølvhjelp i daglige gjøremål, slik at personane framleis kan bu heime, vere aktiv i eige liv og delta sosialt – og i samfunnet
– Eit tenkesett om at personen sjølv styrer deltaking og kvardagsmeistring
– Muligheit for inkludering av aktuelle nærpersonar, pårørande og frivillige