Children attend class at the Government Girls Primary School Pakki Aavaili. / UNICEF has developed a framework for rights-based, child-friendly educational systems and schools that are inclusive, healthy and protective for all children, and where children, families and communities get involved.Kasur, Punjab.
Pakistan er eit av landa som får hjelp i årets TV-aksjon.

Vil auke bidraget til TV-aksjonen

Formannskapet foreslår å auke kommunen sitt bidrag til TV-aksjonen med 10.000 kroner, og legg opp til å gi 35.000 kroner til innsamlinga. Kommunen treng også framleis fleire bøsseberarar!

Kommande søndag går årets TV-aksjon av stabelen. NRK sin innsamlingsaksjon for 2017 går til UNICEF sitt arbeid for å gi utdanning til ungar som er ramma av krig og konflikt. Ei sak som alle politikarane rundt formannskapsbordet påpeika er svært viktig, då dei hadde ho oppe tysdag denne veka.
– Og me treng framleis fleire bøsseberarar, påpeika Ola S. Apeland (H), som er ansvarleg for innsamlingsaksjonen i Tysvær.
På spørsmål frå Svein Ivar Dybdal (Sp), forklarte han også at ein må vere 18 år gammal for å få lov til å gå rundt med bøsse.
– Men ungar er sjølvsagt hjarteleg velkomne til å vere med dei vaksne og samle inn. Det er berre positivt, presiserte Apeland.

Samrøystes
Det var Anita Halsnes (Ap) som tok til ordet for å auke kommunen sitt bidrag til TV-aksjonen.
– Det er gode formål som får støtte gjennom TV-aksjonen, og me har råd til å avsjå litt meir pengar. Eg vil gjerne utfordre kommunen til å auke støtta til 35.000 kroner, då gir me tre kroner per innbyggar, sa ho, og fekk anerkjennande nikk frå dei andre politikarane rundt bordet.
Forslaget blir fremma som eit fellesforslag frå formannskapet, og blei samrøystes vedtatt under møtet.
Ola S. Apeland avslutta med å seie at dei sjølvsagt håper på ny innsamlingsrekord i Tysvær i år.

Ein av fem ungar i dei ramma områda står utan tilbod om skulegang. UNICEF jobbar heile tida hardt og målretta for å hjelpe desse barna, og unngå at heile framtida deira blir øydelagt som følge av dei vaksne sine krigar og konfliktar. Ungane som skal få utdanning gjennom TV-aksjonen kjem frå Colombia, Mali, Syria, Pakistan og Sør-Sudan.

Tysvær er framleis i manko på bøsseberarar, og oppfordrar folk til å melde seg. Ta kontakt via linken under.

Faktaboks